Skal du feriere heime i sommar? Dette er bøkene som gjev deg feriekjensle

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slår du eit slag for heimesommar og går for å skape sommarferiestemning i eigen hage? Eller skal du kare deg til blankpolerte svaberg – eller henge opp hengekøye midt i svartaste granskauen?

Fellesnemnaren for dei aller fleste av oss sommaren 2020 er at vi ferierer i eige land – gjerne på campingvis. Og her kjem bøkene som underbyggjer den gode campingstemningen.

Omslag: Gyldendal/Anemone

Bøker som er feelgood

Uten innkommende ordre av Linda Skomakerstuen 

Linda Skomakerstuen har medvite sikta seg inn mot sommarlesinga med Uten innkommende ordre, som ifølgje Fædrelandsvennens meldar er perfekt for late dagar i skjergarden.

Feelgood-boka handlar om ei kvinne som må vere aleine om sommaren – på ein holme.

Boka er gjeven ut av Gyldendal i 2019.

Den endeløse stranden av Jenny Colgan 

Ingen skaper sommarstemning som Jenny Colgan. Ho vart lansert for norske lesarar i fjor med Velkommen til Floras kafé. I bok to, Den endeløse stranden, held vi fram å følgje den unge kvinna Flora som forlèt det hektiske livet i London og opnar kafé i heimbyen på den skotske øya Mure.

Boka er gjeven ut av Gyldendal i 2019.

Villa Havbris av Caroline Säfstrand 

Svenske Caroline Säfstrands feelgood-roman Villa Havbris tek deg med til Skåne. Spenninga oppstår når Sophie, ei kvinne som har arva kurbad-hotellet til mora si, byrjar å skrape på overflata.

Og når ho etterlyser snikkarar som kan hjelpe henne å pusse opp blir det verkeleg spennande.

Boka er gjeven ut av forlaget Anemone i 2020.

Bøker fulle av spenning

Omslag: Cappelen Damm

Himmelstrand av John Ajvide Lindqvist 

John Ajvide Lindqvists urovekkande spenningsbok Himmelstrand startar med ein sommerleg campingidyll – men utartar seg særs uhyggjeleg.

Ti menneske vaknar ein morgon og finn eit heilt nytt landskap – ei uendeleg irrgrøn grasmatte – utanfor campingvogna. Er det ein tom kulisse – og er dei åleine igjen i verda?

Boka er gjeven ut av Cappelen Damm i 2015.

Dronen av Unni Lindell

Unni Lindells Dronen startar med barndomsmarerittet til forfattaren: Å bli angripe medan ein campar i telt.

Dette er ikkje ei bok du les medan du campar åleine i telt. Men spenninga held seg krimboka gjennom og byr mellom anna på ei ustabil Marian Dahle, ein insektekspert og dessutan soldatar i Afghanistan.

Boka er gjeven ut av Aschehoug i 2018.

  • Om ikkje desse bøkene får pulsen din til å stige, kva med å lese ein frykteleg skremmande framtidsdystopi i sommarsola? Her er fem du kan ta fatt på.

Bøker som får deg til å le

Omslag: Kagge

Hyttebok frå helvete av Are Kalvø 

Are Kalvø si Hyttebok frå helvete har vorte ei farsott av dimensjonar her på berget. Folk – både dei som hatar friluftslivet – og dessutan superfriskusane og toppturentusiastene – har trykt boka til brystet sitt.

Dette er bitande og morosam sakprosa, beskrive av forlaget som «En studie av den nasjonale forherligelsen av friluftsliv».

Boka er gjeven ut av Kagge i 2018.

Bøker med samtidsbrodd

Omslag: Forlaget Oktober

Voksne mennesker av Marie Aubert

Fjorårets store boksnakkis var Marie Auberts Voksne mennesker, som handlar om dei kompliserte familiebanda. Og kvar blir familiebanda ekstra kompliserte? På hytta, sjølvsagt.

Ein meldar meiner at dette er ei forteljing ein berre slurpar i seg som ein god sommardrink. Gøy er det i alle fall å lese om nattesvart søskensjalusi og illusjonar som bleiknar under den skarpe sola.

Boka er gjeven ut av Forlaget Oktober i 2019.

Omslag: Tiden Forlag

Elster, Andresen, Dahl av Per Schreiner

Og medan vi er inne på hytta: Romanen Elster, Andresen, Dahl, signert Per Schreiner, tek òg for seg hyttelivets forbanningar. «

Hvis jeg må velge en favorittdag i året, vil dagen da vi drar hjem fra påskefjellet komme høyt på listen», seier den namnlause hovudpersonen.

Boka er gjeven ut av Tiden Forlag i 2017.

Bøker for den reiseglade

Omslag: Ena forlag/Vimostad & Bjørke

Vinter på savannen av Leah og Levi Henriksen

Ei litt meir eksotisk campingbok-oppleving får vi når vi les Vinter på savannen. Boka har Levi Henriksen skrive saman med dottera Leah, og den er eit resultat av at dei to gjorde ei reise til Kenya og naturreservatet Masai Mara. Omgivnadene vart ramma for ein skjønnlitterær roman for ungdom.

Her vankar det store dosar menneskeleg drama og dessutan miljøperspektiv. Vidare kan vi love mykje Afrika-stemning i Karen Blixens ånd.

Boka er gjeven ut av Ena Forlag i 2019.

Omslag: Forlaget Oktober

Himmelske tilstander av Tove Nilsen

Hellas-entusiast Tove Nilsen gav ut i Kreta-døgn 2002. Og med Himmelske tilstander er ho tilbake på øya.

Det handlar om ei kvinne som reiser. Ho har med seg sorga over faren som er gått bort, ei gryande forelsking og draumen om Hellas: At Hellas skal vere der for henne igjen, som før. Men Hellas er forandra.

Boka er gjevne ut av Forlaget Oktober i 2017.


Eller ta ein kik «i bokhylla», og sjå kva forfattarane sjølv les!

Akkurat no les Ane Barmen Søsterklokkene av Lars Mytting og den siste boka til Lilli Bendriss: – Eg er blodfan av henne og Åndenes makt, og eg trur vi har eit spøkelse i hus som eg vil ta ein prat med. Så no skal eg bli synsk, er planen.

Ane Barmen debuterte hausten 2019 med ungdomsboka «Draumar betyr ingenting». Foto: Bente Kjøllesdal