Josef Yohannes vart stoppa av amerikansk politi: – Eg vart ikkje nervøs før eg såg pistolen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er 2003. Josef Yohannes køyrer bil frå Chicago til New York då han høyrer ei sirene bak seg. Det tek ei stund før 22-åringen skjønar at det er han politimannen i den sivile bilen vil ha inn til sida, men når han gjer det køyrer han ut av vegen.

– Eg vart ikkje nervøs før eg såg pistolen. Eg såg at han var nervøs for han skalv på hendene, så då tenkte eg at her er det lurt å ikkje gjere nokre brå bevegelsar, minnast Yohannes, som fekk roa situasjonen og teke fram førarkort og vognkort.

Dette er ikkje det einaste møtet 39-åringen har hatt med amerikansk politi. Det har vore alt frå spørsmål til å få eit våpen retta mot seg.

– For å bruke eit engelsk ord så er dei veldig hostile. I Noreg er dei veldig laidback og rolege, men i USA er det meir paranoia, forklarar han.

– Trist å sjå

39 år gamle Josef Yohannes er forfattaren bak teikneseriehelten The Urban Legend, som skil seg ut frå mange av dei klassiske superheltane med meir melanin i huda.

– Det gjer meg veldig trist å sjå at så mange svarte menneske vert drepne av politiet utan at det vert gjort noko med det, seier forfattaren.

Den dramatiske utviklinga i USA har gått sterkt inn på Yohannes, som no jobbar med ei spesialutgåve om politivald. Han meiner at lover og reglar ikkje kan fikse den djupe splittinga ein no ser i det amerikanske samfunnet og etterlyser meir kunnskap.

Superhelten The Urban Legend har ein logo som minnar om Black Power fist. Akkurat no er Josef Yohannes aktuell med sesong tre, men har allereie mykje stoff til spesialnummeret som kjem ut over sommaren. Illustrasjon: The Urban Legend/Steve Baker

Meir Black history

– Det nyttar ikkje å berre ha Black History Month kvar februar, som er den kortaste månaden i året. Black history er American history, understrekar Yohannes, som meiner utdanning er vegen framover.

Han synest det er fint at folk engasjerer seg og viser solidaritet òg over landegrensene og trur at fleire har fått opp auga for kva som skjer, utan at dei forstår historia og dei underliggjande årsakane.

– Ein må nesten føle det på kroppen for å verkeleg forstå det, meiner 39-åringen som sjølv er fødd i Danmark, har foreldre frå Eritrea og har budd i Noreg sidan han var ni år gamal.

Segregerte nabolag

Yohannes presiserer at rasisme finst i alle samfunn og hugsar mellom anna å bli stoppa fleire titals gonger av norsk politi det første året han som 19-åring køyrde den gamle Mercedesen han hadde kjøpt seg.

Men når han har vitja USA har han sett eit veldig segregert samfunn der svarte bur i eigne nabolag, jødiske i eigne, kinesarar i eigne og så vidare.

Ein folkemasse ropar «I can’t breathe» under ein fredfull demonstrasjon i Grand Rapids, Michigan, 3. juni 2020. Foto: Cory Morse/The Grand Rapids Press via AP

– Politiet har lite forståing for forholda svarte lever under og kva dei går gjennom. Dei vert alltid mistenkeleggjort av politikarane og media, noko som gjer at det er fritt fram for politiet, forklarar 39-åringen.

Han reagerer på at svarte nabolag ofte vert framstilte som kriminelle, noko han meiner vert brukt til å rettferdiggjere politiets brutale framferd.

Høgare risko for politibrutalitet

Human Right Watch har fleire gonger sett fokus på politibrutalitet og racial profiling.

Rapporten «Get on the Ground!»: Policing, Poverty, and Racial Inequality in Tulsa, Oklahoma» A Case Study of US Law Enforcement viser korleis svarte innbyggjarar i Tulsa har mykje større sjanse for å bli stoppa og arrestert av politiet enn kvite.

Byen har eit kriminalitetsproblem, men ifølgje HRW har politiet si framferd ført til ei djup splitting mellom retts- og politimyndigheitene og samfunna som er rørte.

Ifølgje funna hadde svarte innbyggjarar i Tulsa 2,7 gonger så høg risiko for å verte utsett for politibrutalitet som kvite.

George Floyd og Rodney King

Dagens protestar botnar i hendinga der 46 år gamle George Floyd vart pågripen og lagd i bakken av fire politimenn. Ein av desse hadde kneet sitt på halsen til Floyd, som uttala «I can’t breathe».

Floyd mista medvitet og vart frakta vekk i ambulanse til sjukehuset, der han vart erklært død. Lenge såg det ut til at politibetjentane ikkje skulle få meir straff enn ei oppseiing. Først fire dagar etter arrestasjonen og protestane vart den første politimannen sikta for uaktsamt drap. Denne veka vart siktinga endra til forsetteleg drap (unintentional second degree murder) og dei tre andre vart sikta for medverknad til dette.

Protestane mot politivald i USA, som har spreidd seg frå Minneapolis utover i landet, er langt frå dei første. Andre døme er til dømes Watts-opprøra i Los Angeles i 1965 og opprøra etter saka der fire politimenn først vart frikjent av ei heilkvit jury for å ha banka opp Rodney King.

Misnøye med politibrutalitet er langt frå nytt i USA. Her vert ein mann arrestert under Watts-opprøra i 1965, der soldatar vart sett inn for å stogga opprøra. Foto: National Guard Education Foundation, New York World-Telegram

Kameraet som ser

Utan ei drastisk endring i det politiske, sosiale og økonomiske systemet i USA trur Yohannes at ein kjem til å sjå liknande protestar med jamne mellomrom, fordi ein i dag har fleire moglegheiter til å dokumentere politivald.

– Det er ei heilt anna tid fordi ein før ikkje hadde kamera, så når ein sa at ein var utsett for grov vald var det ord mot ord. Og ordet til politiet veg alltid tyngst i retten. No ser folk kor stygt det ser ut og at dei som skal protect and serve, slett ikkje gjer det, seier Yohannes.

Tidleg i 20-åra jobba forfattar Josef Yohannes (39) med arrangement og fekk slik kontakt med mellom andre 50 Cent. Foto: Sajid Malik/Luca Kleve-Ruud