Norsk språkmangfald – moglegheiter eller utfordringar

Herdis Auestad Nergaard (19) trur mykje av nynorskhatet botnar i den store valfridommen, men meiner likevel det er viktig for den språklege identiteten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 16.06.2020 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne eksamensoppgåva i norsk av Herdis Auestad Nergaard frå 2019 blei kåra til éi av Noregs tre beste av juryen for Oos’ legat.

På Store Norske Leksikon blir språk definert som «[…]et system av regler for dannelse av ytringer som er felles for en gruppe mennesker».

Denne definisjonen seier noko om kva språk er, men ikkje kva det inneber. For det finst det sikkert like mange svar på som det er menneske i verda. Ingen kan altså gje oss ein fasit på dette.

Men språk har tre viktige funksjonar, ifølgje direktøren i Språkrådet, Åse Wetås. For eit år sidan heldt ho eit føredrag om språk som eg var på. Der fortalde ho at språk har tre funksjonar i samfunnet, nemleg kultur, kommunikasjon og identitet. Eg meiner at viss ein skal forstå kva eit språk tyder for enkeltindividet og samfunnet, må ein sjå på alle desse områda.

Den norske språksstoda

I landet vårt er språk eit viktig tema. Noreg skil seg frå andre land ved at me har to jamstilte skriftspråk som liknar veldig på kvarandre, i tillegg til at det ikkje finst eit standardtalemål. Alle snakkar difor ulike dialektar, og mange av desse er svært ulike.

Det er òg sånn at det bur mange med utanlandsk bakgrunn innanfor grensene våre, og i norske heimar blir det snakka meir enn 200 ulike språk. I Noreg har ein altså eit samansurium av språkleg variasjon, og dette byd både på utfordringar og moglegheiter for dei som bur i landet.

I Noreg har ein to jamstilte målformer, nemleg bokmål og nynorsk. Sidan det finst så mange valmoglegheiter innanfor dei to, vel eg å kalle dette for eit mangfald.

På bokmål kan ein både skrive «jenta har dansa og drukket mjølk» og «jenten har danset og drukket melk».

På nynorsk er det lov å skrive «ingen ante at eg brukte den dialekten», men ein vil òg få rett viss ein skriv «ingen ana at eg bruka den dialekta». Det finst altså svært mange måtar å skrive det same på, uansett om ein skriv bokmål eller nynorsk.

Språkspliden

Dette mangfaldet er ein av dei tinga som har skapt spliden mellom bokmål og nynorsk.

For det er nemleg sånn at ein stor majoritet av den norske befolkninga, nemleg 87 prosent, har bokmål som hovudmål. Dei resterande 13 prosentane skriv på nynorsk.

På grunn av jamstillinga mellom desse må alle skuleelevar i landet lære båe, og dei skal både kunne skrive og lese dei.

Ein kan velje kva former ein vil bruke innanfor båe skriftspråka, og dette mangfaldet skaper moglegheiter for oss. For det fyrste gjev det oss valfridom. Ein kan skrive konservativt bokmål viss ein ønsker det, men det er òg mogleg å skrive nøytralt eller radikalt. Det same gjeld for nynorsk, der ein anten kan skrive ganske likt bokmål, eller så konservativt som ein berre vil. Dette vel ein sjølv, og det er smak og behag som avgjer. Av denne grunnen kan ein òg skrive dialektnært viss ein ønsker det, eller ein kan velje andre ord.

«Bondespråk» og «spynorsk»

Men denne valfridommen skapar òg utfordringar i Noreg.

Det er sjølvsagt ikkje på grunn av denne at misnøya mot nynorsk er så stor blant store delar av befolkninga, men jo har ein påverknad.

Nynorsk blir blant anna kalla «bondespråk», «spynorsk» og eit «oppkonstruert» språk

Nynorsk blir blant anna kalla «bondespråk», «spynorsk» og eit «oppkonstruert» språk av mange bokmålsbrukarar. Det ligg eit sterkt hat i botn, ei sterk misnøye med at desse 87 prosentane er nøydde til eller har vore nøydde til å lære seg sidemål, som var nynorsk for dei.

Eg trur at ein av grunnane til misnøya er at det finst så mange valfrie former, og at ein må vere konsekvent.

Den forhatte nynorskkarakteren

Ein høyrer ofte at «eg vil ikkje ha nynorsk fordi det øydelegg karakteren min», men ikkje kva elevar synest er vanskeleg med målforma.

Det er mogleg at femti prosent er at orda blir skrivne annleis på nynorsk enn på bokmål, og femti prosent er at det finst så mange ulike former ein kan bruke, men at ein må passe på å vere konsekvent. Viss ein berre lærer dei mest gammaldagse formene, vil dette mest sannsynleg munne ut i at ein får eit syn på nynorsk som eit bondespråk.

Det at mange får dette synet på nynorsk, er ei utfordring for det norske språkmangfaldet, fordi det kan gjere at skriftspråket til rundt 600 000 nordmenn forsvinn.

Noregs Mållag og Jon Fosse

Eg trur ikkje ei løysing er å ta vekk dei valfrie formene, sjølv om dei har mykje å seie for at elevar ikkje liker nynorsk, sjølv om dei ikkje er klare over det sjølv. Dette vil nemleg fjerne den eine funksjonen nynorsk har som skriftspråk, nemleg identitet.

I 1938 såg ein korleis dette gjekk då ein fjerna former i bokmålet.

Løysinga trur eg er to tiltak. Det fyrste er å promotere nynorsk som eit levande språk, sånn som Noregs Mållag gjer. For at ungdom og vaksne skal endre synet på dette skriftspråket, må det opplevast som relevant og oppdatert. Dette får NM godt til ved at dei blant anna fortel om at litteraturen til Jon Fosse er omsett til over 40 språk.

I tillegg fortel dei at det er over ein halv million innbyggjarar i Noreg som er nynorskbrukarar. Dette trur eg òg det er viktig at elevane på skulen lærer, og at nynorsk faktisk har funksjon som identitet hos alle desse.

#eitlevandespråk

Men det andre tiltaket trur eg er like viktig. Det er å promotere valfrie, nynorske former, både i skulen og under emneknaggen #eitlevandespråk.

Bokmålselevar og bokmålsbrukarar då vil sjå at ein ikkje treng å skrive «godhug» når ein kan skrive «kjærleik». Dette kan faktisk vere ei moglegheit for det norske språkmangfaldet, fordi det kan vere ein måte å endre haldningane elevar har til nynorsk, og fordi ein då ikkje må innskrenke det mangfaldet av valfrie former som finst.

Dialektmangfaldet

Dei norske målformene er altså fullt av variasjonar. Og det same gjeld for det munnlege språket. For i Noreg har ein like mange ulike dialektar som ein har folk, og sidan det ikkje finst noko standardtalemål i landet, har alle rett til å snakke sånn som dei vil.

I teorien treng difor ingen å leggje om dialekten sin når dei snakkar med andre. og ein blir korkje sett ned på viss ein snakkar trønderdialekt eller viss ein snakkar valdresdialekt.

Det språklege dialektmangfaldet gjev oss mange moglegheiter. Blant anna opnar det for at alle kan ta del i det offentlege ordskiftet, utan å måtte leggje om dialekten. Dermed er det lettare for dei å uttrykkje seg, fordi det er jo sånn at språk og identitet ikkje berre er knytte sterkt saman, men at språk er identitet. Og det er sånn at i til dømes debattar er det mykje lettare å få fram kva ein meiner viss ein kan snakke dialekt, enn viss ein må leggje om til eit standardtalemål ein ikkje har tilknyting til.

Dialektknipa

Sjølv om dialektmangfaldet blir sett positivt på av svært mange i Noreg, er det òg sånn at det skaper utfordringar. Det er nemleg mange som slit med å forstå alle dei språklege variasjonane i norsk talemål, og dette gjeld spesielt ein del nordmenn med innvandrarbakgrunn.

I lesarinnlegget «Målet er å unngå at folk rundt deg skal tenkja ‘stakkars utlending’» fortel avsendaren, som er polsk, at han har problem med å forstå breie dialektar, og dialektar frå Hordaland og Rogaland. Han fortel vidare at han føler seg stressa når han snakkar med nokon med vanskeleg dialekt, og at dei på språkskulen lærer å bruke «ei form for norsk som berre finst i lærebøker». Og det er nok fleire nordmenn med innvandrarbakgrunn som opplever dette.

Men manglande dialektforståing gjeld òg etnisk norske nordmenn. Dette kjem òg fram i innlegget til avsendaren, for han seier at «Det er mange nordmenn […] som ikkje har peiling på kva andre seier – spesielt når dei er i samtale med nokon med veldig brei dialekt». Og det er mange i Noreg som merkar at dei ikkje forstår når andre snakkar dialekt til dei.

Eg trur ikkje at dei føler seg stressa og nervøse viss dei ikkje forstår, sånn som avsendaren beskriv tidlegare i innlegget, men problemet har same resultat, nemleg at kommunikasjonen stoppar opp.

For å løyse dette, ender det med at ein av personane som snakkar saman, legg om dialekten sin. Sjølv om avsendaren av lesarinnlegget seier at «eg har aldri bedt nokon leggja om til ein annan dialekt eller munnleg bokmål. Det går berre ikkje an», og dei aller fleste i Noreg tenkjer som han, legg folk likevel om dialekten viss dei ikkje blir forståtte.

For sjølv om språk både er kultur, kommunikasjon og identitet, er kommunikasjonen den aller viktigaste av dei tre.

Viss ein ikkje kan snakke saman, kjem ein seg ingen veg. Og dei aller fleste orkar ikkje å gjenta setninga tre gongar på dialekt for å bli forståtte. For det er ikkje berre sånn at ein skal kunne kommunisere, men ein skal kunne kommunisere effektivt. Og dette resulterer i ei omlegging av dialekten, og identiteten må vike for kommunikasjonen.

200 ulike språk i Noreg

Det er likevel ikkje berre dei som snakkar og skriv norsk i Noreg som opplever utfordringar knytte til språket sitt. Det same gjeld dei 917 0002 innvandrarane som bur i landet vårt. For i artikkelen «Mennesker og språk på vandring» av Birgitte Fondevik, blir det fortald det at det blir snakka over 200 ulike språk i landet vårt. Dette skaper eit svært stort språkleg mangfald, som skaper både moglegheiter og utfordringar.

Fondevik seier at «Dette [at det språklege mangfaldet i Noreg har blitt større] åpner for en unik mulighet for oss alle til å utforske og lære mer om andre språk[…]». Denne utforskinga skjer ikkje på skulebenken. Han skjer kanskje på skulen, men då i møte med andre elevar, på trening eller på arbeidsplassen.

Viss ein jobbar med ein person med utanlandsk bakgrunn, lurer ein ofte på kor personen kjem frå, og kva språk han eller ho snakkar. Personen fortel kanskje at han kjem frå Brasil og snakkar portugisisk, og kva som skil brasiliansk portugisisk frå portugisisk i Portugal. Dette er ofte folk interesserte i å høyre meir om, og på denne måten lærer ein om kulturfunksjonen språket har.

I tillegg kan ein få svar på om det er lett å kommunisere med dei som snakkar portugisisk i dei store byane i Brasil, eller dei i Portugal. Ein kan òg få vete korleis det er å snakke med ein spanjol. Dermed lærer ein om korleis språket kan fungere som kommunikasjon i andre land, og dermed om språket som infrastruktur i til dømes Brasil.

Toleranse og identitet

Men ifølgje Fodnevik gjev eit sånn språkleg mangfald oss òg moglegheit til å «[…]lære mer om andre språk, og dermed også vårt eget». For gjennom å høyre om korleis andre språk fungerer, og korleis det står til i andre land, kan det opne for meir toleranse.

Denne toleransen kan blant anna gjelde striden mellom bokmål og nynorsk, som eg nemnde tidlegare. For det er kanskje lettare å sjå kor mykje språk tyder for ein person når han eller ho ikkje har norsk bakgrunn, og ein er kanskje meir open for å køyre på denne personen, enn å diskutere med ein nynorskbrukar.

Gjennom å snakke med ein eller fleire personar frå andre land, vil ein lære kor mykje språket har å seie for identiteten til denne personen. Neste gong ein då tenkjer på nynorsk, og kvifor ein må lære det, kan det vere at ein kan kople det ein lærte om språk og identitet, opp til nynorsken, og forstå at for dei som bruker denne målforma, er identitet viktig.

Gjennom møte med andre kulturar og andre språk, kan det vere lettare å forstå kvifor det finst folk i Noreg som vel nynorsk, og kvifor dei vil at alle skal lære det.

Kommunkasjonsbarrieren

Men språkleg mangfald i Noreg byd òg på utfordringar. Det kan nemleg hindre kommunikasjon, ein av dei viktigaste funksjonane eit språk kan ha.

På nokre arbeidsplassar er det til dømes sånn at ein ikkje treng å kunne norsk eller engelsk for å arbeide der. Viss det då jobbar ti personar der, som snakkar ti ulike språk, og ikkje kan norsk eller engelsk, kan dei ikkje kommunisere. Då kjem dei ingen veg.

Dette kan vere ei utfordring fordi det fører til mykje ekstraarbeid for kvar enkelt person, men det kan òg føre til alvorlege situasjonar. For viss ein person skadar seg, så kan ikkje kollegaen korkje spørje kva som har skjedd, eller ringje til ambulanse, fordi han eller ho ikkje kan kommunisere med nokon av dei. Dermed vil ikkje personen som har skada, få hjelp, og det kan i verste fall bli fatalt.

Noreg er altså eit mangfald av både munnleg og skriftleg språk. Dette er noko som kan by på både utfordringar og moglegheiter.

Det er ikkje alltid like lett å forstå kvifor ein må ha eksamen i sidemål, og å forstå kva som blir sagt når ein blir snakka til av ein person som bur i Setesdal. Men ved å sjå og forstå at språk har tre funksjonar, både som kommunikasjon, kultur og identitet, og at det er sterkt knytt til den du er som person, trur eg ein i større grad vil kunne utnytte moglegheitene det norske språkmangfaldet gjev, enn ein gjer i dag.

Kjelder:

  • Simonsen, Hanne Gram & Kjøll, Georg & Faarlund, Jan Terje. (2018, 9. mars). språk. I Store norske leksikon. Hentet 23. mai 2019 fra https://snl.no/spr%C3%A5k
  • Tønnessen, Marianne. (2018, 18. mars). innvandrer. I Store norske leksikon. Hentet 23. mai 2019 fra https://snl.no/innvandrer
  • Wetås, Åse: (****): Norsk språk og språkleg mangfald i Noreg [Lysbiletepresentasjon].

LES FLEIRE GODE EKSAMENSSVAR HER!

Mellomtitlar er lagt inn av Framtida.no for å auke lesevennlegheita på nett. 

Fakta: Oppgåveteksten

I 2019 fekk VG3-elevane på studieførebuande velja mellom fire langsvaroppgåver på eksamen i norsk hovudmål. Herdis Auestad Nergaard valde oppgåve 1, der elevane skulle skriva ein resonnerande tekst der dei drøftar kva moglegheiter og utfordringar det språklege mangfaldet gir oss. Mellom vedlegga er Framtida.no-teksten «– Målet er å unngå at folk rundt deg skal tenkja «stakkars utlending»».

Svaret til Herdis Auestad Nergaard blei kåra til eitt av dei tre beste i Noreg.

Sjå alle eksamensoppgåvene her! (ekstern lenkje)

Sjå svaret til Herdis Auestad Nergaard på kortsvaroppgåva her!