Dette innlegget vart først publisert på forfattaren sin Facebook-profil, og er attgjeve og omsett med velvilje.
Dei siste dagane har mange spurt meg korleis det har vore å vekse opp med brun hud i Noreg – korleis det opplevast. Eg vil anta at det å vere melaninrik nordmann i mange samanhengar blir opplevd på same måte som å være melaninfattig nordmann.
Samstundes er det å vere ein del av ei melaninrik minoritet ispedd ein del erfaringar som eg trur mine melaninfattige medmenneske ikkje treng å halde seg til.
For meg er det å vere melaninrik nordmann også:
At ein vaksen mann spyttar på bakken
i avsky etter å ha oppdaga at barnet i vogna mor di trillar ikkje har kvit hud.
Å få slengt svarting etter deg lenge før du skjønar kva ordet betyr.
Å verte trua med å bli blåst hovudet av med hagle
av ein skulekamerat
første gong du er på diskotek som niåring.
Å vrenge lommene når du er på nærbutikken, så dei tilsette skal sjå at det ikkje er nokon grunn til å følgje ekstra godt med fordi du faktisk ikkje stel.
Å alltid vere høflig så eldre menneske skal skjøne at «sånne som deg» ikkje er farlige.
For meg er det å vere melaninrik nordmann også:
Å alltid ha litt vondt i magen i friminutta i frykt for at nokon skal seie noko.
Å vere redd for å gå heim når det er mørkt fordi medelevane dine høyrer på «kvit makt-musikk», hyllar Boot Boys, og køyrer rundt med sørstatsflagg.
Å spare vekepengar nok til å kjøpe sunblock,
fordi det å bli brunare
gjer deg endå meir annleis.
Å ha lærarar som latar som om dei ikkje høyrer
at gutta bakerst i klasserommet
ropar «NIGGER» når du kjem inn etter storefri.
Å stadig få spørsmålet «kor er du EIGENTLEG frå» heilt til du faktisk gjer reie for kor på denne jorda foreldra dine vart unnfanga
– og av kven –
med forventing om at du kvar bidige gang skal smile og synast at det er hyggeleg at folk er interessert, for «dei meiner det jo BERRE godt».
Å fokusere på alt det kvite du har i genene dine,
for du er ikkje SÅ brun,
den afrikanske farfaren din hadde jo faktisk
blå auge.
Å vere melaninrik i Noreg er å høyre vener fortelle rasistiske vitsar
snakke drit om andre som ser ut som deg
for så å unnskulde seg med at «du ikkje er som dei»
utan å sjå at tårene dine pressar på
og utan å skjøne at smilet ditt er påklistra.
Å vere melaninrik i Noreg er å alltid vere litt på vakt
for kommentarer eller handlingar
og å føle seg letta og takknemleg
når folk behandlar deg som alle dei andre.
Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!
- Les også historiene om korleis det er å leve og vekse opp med norsk kvardagsrasisme: – Naboungane fekk streng beskjed om å ikkje leike med «pakkisene oppi gata».