Då eg var 20: Josef Yohannes ville bli Obama før Obama

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg jobba deltid i bomringen, samstundes som eg studerte. Byrja å studere IT, men fann ut at det ikkje var noko for meg og bytta seinare over til statsvitskap og menneskerettar, skriv Josef Tzegai Yohannes i ein e-post til Framtida.

39-åringen med røter frå Eritrea vart fødd i København, men flytta med familien til Oslo då han var ni år gamal.

Teikneseriehelt

I 2012 debuterte han som teikneserieforfattar med serien om superhelten Urban Legend. Ideen til serien kom då Yohannes vitja Sør-Afrika under fotball-VM for herrer i 2010.

Denne våren er Yohannes og illustratør Steve Baker aktuell med tredje sesong av serien om den tøffe superhelten, som har vorte skulepensum i både Eritrea, Sør-Afrika, Kenya og Brasil.

Illustrasjon: Steve Baker, The Urban Legend

Kor var du då du var 20?

Då var eg full av liv og idealisme og klar for å forandre verda. Eg visste veldig tidleg i livet mitt at eg ville jobbe med menneske og gjere verda til ein betre stad.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg var veldig inn i musikk og høyrte på mykje musikk, noko som dreiv mor mi til vanvit. Eg leste også veldig mykje bøker, alt frå historie til biografiar. Pleidde å sjå masse Kung Fu-filmar av Bruce Lee, Jackie Chan og Jean-Claude Van Damme.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Hugsar den dagen veldig godt. Vi (familien) hadde ein stor fest og eg tenkte det var ein ny milepåle i mitt liv og at den største forandringen i mitt liv vil skje i den nye fasen eg er i ferd med å gå inn i no, 20-åra.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Reisa mi til Eritrea, møte familie og vener som eg ikkje hadde sett på mange år, samt alle dei flotte menneska eg møtte der nede. Alt dette gjorde eit veldig sterkt inntrykk på meg og inspirerte meg til å satse på draumen min.

Når han ikkje ikler seg den svarte og gule drakta og nedkjempar kriminalitet i Capital City, jobbar Malcolm Tzegai Madiba som lærar, noko Yohannes også har gjort. Illustrasjon: Steve Baker, The Urban Legend

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg ville bli statsminister, eg såg på det som den største og beste plattforma til å kunne skape ei positiv forandring i samfunnet og verda generelt. Eg var veldig aktiv som student kor eg deltok på FN-konferansar for studentar både i New York og Taiwan.

Eg skulle bli Obama før Obama blei Obama 😉

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg såg på livet som noko veldig spanande og var kanskje litt naiv i min tankegang. Eg visste veldig godt at alt stod på meg sjølv, og at om eg ville at noko skulle skje i livet mitt, så måtte eg ta tak i det sjølv her og no og jobbe hardt for det.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

For ein energisk og positiv ung mann, og det han har sett seg ut til å gjere er veldig nobelt og ambisiøst, og at veien er lang, men det finnast ein veg å gå og du har allereie starta, så det er berre å «keep on walking».

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Ville ha sagt at eg skulle lære å stole meir på meg sjølv, og at menneske du møter i livet, sjølv dei næraste har ikkje alltid dei beste intensjonane og at verda er di, så lenge du er klar for det og at du er villig til å gjere det som må til for å oppnå draumen din.

Verda er di!

Les også om Knut Nærum (20), som skulle bli lærar for å forvalte visdom, inspirere dei unge og gå i kordfløyel:

Foto til venstre: Agnete Brun/pressefoto Cappelen Damm. Foto til høgre: Eirik V. Johnsen