Studie: Korsong kan auka smittefaren

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag 10. mars møttest 61 av dei 121 godt vaksne medlemmene i Skagit Valley Chorale samla til korøving i Mount Vernon Presbyterian Church i staten Washington.

Trass i at koronapandemien herja i den amerikanske delstaten bestemte korleiaren at øvinga skulle gjennomførast, men tok omsyn til smittevern. Alle fekk antibac i døra og unngjekk å ta på einannan. Etter to og ein halv time gjekk dei kvar til sitt.

53 av medlemmene vart anten diagnostisert eller hadde symptom på Covid-19, tre vart innlagd på sjukehus og to døydde.

Historia har sjokkert helsemyndigheiter og forskarar har gått grundig gjennom rørslemønsteret til kordeltakarane.

Èin meter avstand

I slutten av april reduserte den norske regjeringa den anbefalte avstanden mellom menneske frå to til éin meter – både utandørs og innandørs.

– Både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet meiner at ein meter er tilstrekkeleg for å redusere smitterisikoen vesentleg. Samstundes er det svært viktig at me held fram å følgje dei generelle smittevernråda, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie i pressemeldinga.

Personar i risikogruppene vert oppmoda til å forsøke å halde større avstand og avgrensa talet på personar dei har kontakt med.

 

Musikkøvingar under koronapandemien

Norsk musikkråd har utarbeidd eigne smittevernreglar, som ikkje skil på kor og andre musikkøvingar.

I tillegg har Koralliansen eit supplement til rettleiaren om smittevern, som understrekar at dirigent og styre har ansvar for å klargjera lokala for øving med tilmålte plassar.

Generalsekretær i Norges Korforbund, Åsmund Mæhle, vil trygga korsongarane slik at dei kjem tilbake. Foto: Anna Granqvist

Generalsekretær i Norges Korforbund, Åsmund Mæhle, fryktar at saker som denne kan føra til unødig frykt og at mange korsangarar ikkje kjem tilbake til kora sine.

– Sidan Noreg har låge smittetal samanlikna med andre land, meiner me det er ekstra lite grunn til frykt for å synge i kor i Noreg, seier han på telefon til Framtida.no.

Forbundet tek likevel situasjonen på alvor og har i tillegg til strenge smitteverntiltak teke initiativ til ein SINTEF-studie der dei vil gjere optiske målingar av song og blåseinstrument.

– Me tenkjer at me treng å skapa tryggleik for dei kring 200.000 korsongarane i Noreg. Fakta er med på å skape tryggheit og med å gjere målingar kan me få fakta på bordet.

Tre timar i lufta

Det nye koronaviruset (Sars Cov-2) smittar gjennom dråpesmitte, som kjem ut av munnen og nasa når ein sjuk person hostar eller nys. Den vanlegaste måten ein vert smitta på er at ein pustar inn dråpe med smitte som svevar i lufta, eller får virus på hendene før ein tek seg i andletet.

Forsking publisert i The New England Journal of Medicine tydar på at viruset kan befinne seg i lufta opptil tre timar etter det er blitt spreidd, og overleve i opptil 72 timar på overflater av plast og rustfritt stål.

Ein av forskarane studien, Jamie Lloyd-Smith, kallar den omtalte korøvinga ei super-spreiiande hending.

– Ein kan sjå føre seg at å verkeleg prøva å få ut stemma di òg kan kringkasta fleire dråpar og aerosolar, sa ho til LA Times i mars.

Aerosolar er fagspråk for finfordelte dråpar eller partiklar som held seg svevande ei tid i lufta, fordi dei er små og spreidd utover ved hjelp av til dømes ein sprayboks eller eit nys.

Forsking tyder på at stemmenivået vårt kan påverke spreiinga av slike aerosolar, men at det ikkje er forklaring åleine.

Nokon personar er rett og slett ”tale-superspreiiarar”, som sender ut fleire partiklar enn andre.

Koronasmitta korsongar: – Tankevekkjande

Forsking tyder på at korsongarar får ein felles hjarterytme og at aktiviteten har ein positiv effekt på den mentale helsa, men er nok ikkje tilrådd under ein pandemi.

LA Times intervjua sopranen Carolynn Comstock og tenorektemannen Jim Owen, som deltok på korøvinga og seinare testa positivt for Covid-19.

Dei var begge skaka over hendinga.

– Det er berre normale, tilfeldige folk som gjer ting dei elskar å gjere, og plutseleg er nokre folk døde. Det er veldig tankevekkjande, sa Comstock til avisa.