Christine Dancke inviterer til stjernespekka avskjedsfestival
Christine Dancke avsluttar si 10 år lange karriere i P3 med ein fire dagars radio- og nettfestival. På programmet står store, norske artistar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter 10 år i NRK P3 og åtte år med sitt eige program «Christine», gir Christine Dancke seg no i statskanalen.
Torsdag 28. mai har ho si siste sending for NRK, og opphaveleg var planen å invitere til fest og feiring på Rockefeller.
– Eg ynskjer å nytta høve til å gjere det eg har gjort dei siste ti åra: Feire norsk musikk, nydelege lyttarar og alle som har bidrege til at «Christine» på P3 har vore ein verkeleg draum å få jobbe med og i, sa Dancke då.
Radiofestival
Så kom Covid-19 og smittevernsrestriksjonar og dei måtte avlyse den fysiske avskjedsfestivalen.
Det blir likevel musikk og underhaldning, og frå i dag og fram til torsdag vert det radiofestival tre timar kvar dag. Frå 13.00 – 16.00, måndag 25.- torsdag 28. mai.
Se dette innlegget på Instagram
I tillegg til å gå på radio, kan ein også sjå sendingane på nett.
På programmet står namn som Dagny, AURORA, Ruben, Admiral P, Highasakite, Gabrielle og Astrid S.