Månadens musikktips: – Eg trudde storheitstida hans var forbi

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Månadens nykomar

Lars Vaular – Flere steder alltid

Tidlegare i oktober, etter ei stund ute av rampelyset, kom Lars Vaular tilbake med sitt nye album. Der viser han kvifor han har den rolla i norsk musikk som han har.

Då Vaular avlyste konserten sin i Oslo Spektrum, i april i fjor, trudde eg at storheitstida hans var forbi. Men der tok eg nok direkte feil. Med «Flere steder alltid» leverer han eit av dei verka som treff meg hardast av det han har laga til no.

Lyrikken i det her albumet er knallsterk. Eg veit ikkje om nokon som gjer det betre. Og slik har det i grunn alltid vore med han, men det verkar på meg som det er eit nytt nivå av ærleg i dette albumet.

Eg veit ikkje om nokon som gjer det betre

Det er sårt, fint og det gir inntrykk av eit menneske som har levd eit liv og tatt lærdom av sine feil. Musikalsk syns eg også han leverer eit av sine meir interessante og spennande album.

Eit høgdepunkt for meg i albumet er «Våken». Eit ganske simpelt lydspor med ein ekstremt suggerande beat og ein smakfull vokal. Ein treng rett og slett ikkje gjer det meir komplisert for å lage ein såkalla banger.

Det einaste eg må nemne med låta er at den gir meg sterke assosiasjonar til «Never Leave You» av Lumidee. Eg veit ikkje om det er positivt eller negativt.

Eit anna høgdepunkt frå albumet er «To minutter», som han har gjort saman med elektroduoen Röyksopp. Eit noko uventa samarbeid som fungere overraskande bra. Seier ja takk til meir av det.

Månadens spådom

Emilie Nicholas – Grown up

Om dette er ein spådom eller eit faktum kan kanskje diskuterast. For det at ein del av låtane på den første plata til Emilie Nicholas vil bli slagers, er det vel ganske brei semje om allereie. Men det er faktisk ikkje meir enn 4 år sidan det albumet kom ut, så på ein måte er det litt tidleg å sei at det er ein historisk slager.

Men eg spår altså at den vil bli det.

Til trass for at det er berre 4 år sidan føler eg meg overraskande nostalgisk når låta «Grown Up» kjem på.

Det hjelper nok at songen har ein generelle melankolsk/nostalgisk feeling, men like fullt har den blitt ein av dei låtane eg knyt til ei veldig spesifikk tid.

Og det er jo i aller høgaste grad positivt.

Månadens Gæmlis

Jonny Greenwood – Mata Aini Kuru kara Ne

Eg burde kanskje vurdere å endra namn på denne posten her, for eg endar slett ikkje alltid opp med å skrive om gamle låtar. Heller låtar som eg meiner fortener eit lite glimt av anerkjenning, men som ofte forsvinner i mylderet av kommersiell musikk.

Denne låta, eller verket som eg kanskje burde kalle det, oppdaga eg då eg såg litt passivt på filmatiseringa av romanen «Norwegian Wood».

Mannen bak verket er Jonny Greenwood, også kjent frå bandet Radiohead. Han står også for resten av musikken som er i filmen. Veldig fin filmmusikk om du er fan av den slags og vil sterkt anbefale å høyre på resten av musikken også. Men spesielt likte eg altså «Mata Aini Kuru kara Ne».

Lydsporet er veldig oppløftande, men samtidig så utruleg trist. Utover det slit eg litt med å definere kva det er eg likar så godt med den. Men likar den gjer eg. Veldig godt.

Ein annan som tidlegare har delt same entusiasme for låta er Thom York, frontfigur i Radiohead. Han spurte bandkamerat Greenwood om å få låne akkordrekka i verket og bruke den i musikken sin. Resultatet av det kan du høyre på Radiohead si siste plate i «Present tense». Også ein song verdt å sjekke ut.

Pål Moddi Knutsen. Foto: Privat