Ida Lindtveit Røse (27) vert tidenes yngste statsråd
Tidlegare KrFU-leiar Ida Lindtveit Røse (27) vert barne- og familieminister medan Kjell Ingolf Ropstad er i pappaperm.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er stolt av å vere med i eit parti som satsar på unge kvinner, der ein får moglegheiter og ansvar.
Det skriv KrF-politikar Ida Lindtveit Røse (27) på sin Instagram-profil laurdag denne veka.
«Køddar du no?»
I likheit med Ropstad lovar vikaren å setje fokus på dei sårbare barna i perioden som kjem.
– Noko av det viktigaste me kan gjere er å sikre alle barn ein god og trygg oppvekst, slår ho fast i Instagram-innlegget.
Ida Lindtveit Røse var leiar for KrFU frå 2015 til 2017 og er no gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Viken.
Ho har ein bachelorgrad i Europastudier frå UiO og har jobba som rådgjevar i NHO si foreining for kunnskaps- og teknologiverksemder, Abelia, samt eit halvt år som seniorrådgjevar i kommunikasjonsbyrået First House.
Til NRK fortel den påtroppande barne- og familieministeren at ho først tenkte ho hadde gjort noko gale då KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad ringde medan ho la sitt yngste av to barn for kvelden.
– Første reaksjonen min var vel sånn «Køddar du no?». Det er jo ein sjuk telefon å få, seier 27-åringen til NRK.
Onsdag denne veka var ho inne til «screening» på Statsministeren sitt kontor og har no fått ja frå statsminister Erna Solberg til å vikariere i stillinga i to månadar.
Ung mor med statsrådpost
Medan Lindtveit Røse tek over som barne- og familieminister vert det nestleiar og landbruksminister Olaug Bollestad som tek over roret som KrF-leiar, når Ropstad går ut i pappaperm 2. juni.
Til NRK skryt Ropstad av partikollegaen, som han er trygg på at kjem til å løyse utfordringane i regjering på ein god måte.
Lindtveit Røse meiner på si side at det sender eit kjempeviktig signal til unge kvinner både i KrF og i andre parti.
– At viss du står på, så kan du få viktige posisjonar. Og så er det tøft av Kjell Ingolf å gje denne moglegheiten til meg, som er ung tobarnsmor. I ei tid kor mange unge kvinner lurer på om det går an å kombinere det å vere mamma med å satse på jobb, synes eg dette er ein fin måte å statuere eit eksempel på, seier ho til NRK.