Forbrukarrådetåtvarar TikTok-stjerner mot gåve-konkurransar
Forbrukarrådet har sendt brev til fleire av Noregs største stjerner på plattforma TikTok der dei ber dei om å slutte med konkurransar der følgjarane gir gåver.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forbrukarrådet har sendt brev til fleire av Noregs største stjerner på plattforma TikTok der dei ber dei om å slutte med konkurransar der følgjarane gir gåver.
– Vi rår påverkarar med mindreårige følgjarar frå å operere med «shoutouts» og konkurransar som går ut på at følgjarane skal sende pengar eller gi ei gåve av økonomisk verdi, skriv avdelingsdirektør Tonje Hovde Skjelbostad i brevet, ifølgje ei pressemelding frå Forbrukarrådet.
Les også: Lær deg historie på TikTok
«Shoutout»
Brevet er sendt til fleire av dei største norske profilane på den populære videoplattforma, og til dei største påverkarnettverka.
I brevet skriv Forbrukarrådet at slik verksemd kan vere i strid med fleire av reglane i marknadsføringslova som skal verne barn.
Åtvaringa gjeld òg Snapchat, Instagram og YouTube, der ein påverkar kan ta betalt for å gi følgjarane ein «shoutout», altså at dei offentleg nemner ein brukar slik at brukaren kan få fleire følgjarar.
– Vi er kjende med at nokre påverkarar ber følgjarane om å gi dei virtuelle gåver som kostar pengar mot ein «shoutout», og tilfelle der det blir halde konkurransar der det er om å gjere å gi flest gåver i løpet av eit gitt tidsrom, og den som har gitt gåver til høgast verdi i denne perioden, «vinn» ein dag med påverkarar, skriv Forbrukartilsynet.