Høie med ekstra smitte-påminning til ungdommen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har levd lenge med strenge smitteverntiltak. Halde avstand, vaska hendene såre. Derfor var det kanskje ikkje så rart om nokon gløymde seg litt under 17. mai-feiringa, sa Bent Høie (H) på pressekonferansen til regjeringa måndag ettermiddag, samtidig som han gav uttrykk for forståing.

– Kanskje kom du litt for nær litt for mange? Kanskje fekk du ikkje vaska hendene dine nok? Sånt skjer, sa han.

Samtidig mante han særleg dei unge om å ikkje ta for lett på smittefaren. Det er veldig viktig at ein held seg heime viss ein har luftvegssymptom, understreka han.

– Sjølv om symptoma er lette må du halde deg heime og finne ut korleis du kan bli testa for covid-19. Vi har ansvar for å ikkje bringe smitten vidare, sa Høie.

Les også: Høie sin tale til ungdomen: – Neste sommar finst ikkje når du er ung