Tidenes beste 17. mai – utan bunadspolitiet, angst og lunkne wienerpølser


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det blir ikkje noko barnetog, russetog, folketog – det blir truleg ikkje ein gong sosialt akseptert vanleg kollektivtransport-tog ein gong.

Det blir ikkje fulle restaurantar kor køen står tjue meter ut døra, kor dei som allereie har bestilt bord sit så nærme sidemannen at dei må følgje med på å ikkje ete av feil tallerk.

Det blir ingen bunadspolitiet, gnagsår, eller angst for å ikkje vere den beste staden.

Det blir ikkje buer som sel skrap, drita folk i gatene, eller dei småfrekke «vi må vidare no» til folk du berre ikkje vil snakke med. Eller dei triste «vi må vidare no» til ho venninna du ikkje har sett på så lenge, men gjerne ville tatt ei overprisa, lunka wienerpølse med.

Det blir annleis i år.

Treng det eigentleg vere så trist?

For meg er store dagar som 17. mai eit sosialt spel kor eg ikkje er så flink. Dei andre har allereie planlagt og funne ein fest og champagnefrukost før eg i det heile tatt har rokke å registrere at vi er i mai månad.

For meg er store dagar som
17. mai eit sosialt spel kor eg ikkje er så flink

Det har som regel slutta med at eg sit med ein halvsmelta is i den eina handa og blar gjennom Instagram med den andre. Der ser eg kor eg burde ha vore, og så blir eg trist og lei meg fordi eg ikkje var invitert, eller at eg ikkje klarte å invitere meg sjølv.

Eg vaknar redd for å gå glipp av noko, og sovnar trist for at eg gjekk glipp av noko.

Dette er nok grunnen til at barn elskar høgtider, og mange vaksne og tenåringar synest dei er stress. Barn har ikkje noko val. Dei er der foreldra seier dei skal vere, dei et det som kjem på bordet, og dei har på seg det foreldra har bestemt. Dei treng ikkje ta stilling til kor den beste festen er, eller om dei har bunad, kofte, kjole eller dress.

Dei har ikkje noko val, og derfor har dei overskot til å ha det gøy og kose seg.

I år har vi ei moglegheit, fordi i år er vi alle barn.

Det har blitt bestemt for oss at vi ikkje skal springe rundt i gatene, og det har blitt bestemt for oss at store festar er fy-fy.

Bunadspolitiet kan ikkje komme opp i trynet ditt og fikse på søljene, fordi dei må halde minst ein meter avstand, og du kan no vere heime og koke eigne wienerpølser som er billige og faktisk varme. Pluss du treng ikkje stå i kø for dei.

Så kva om vi tek denne moglegheita til å ha ein faktisk fin dag i verkelegheita, og ikkje berre på Instagram? No er sjansen til å feire 17. mai, akkurat der du er, utan å vere redd for å gå glipp av noko som helst.

Eg tek ho!

Les også klageguiden for koronadagane – kven er det greitt å klage til om kva?