«Barn sluttar ikkje å vere barn fordi dei sit i fengsel»
Norske fengsel har lenge hatt utfordringar knytte til varetakinga av innsette si verdigheit. At denne svikten også rammar barn, er uakseptabelt, skriv Regine Røiseland (20).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Den 22. oktober 2025 publiserte NRK ei sak om bruken av tryggingscelle ved Bjørgvin fengsel, der Sivilombodet dokumenterer ni tilfelle av isolasjon av mindreårige. Opplysingane er djupt urovekkande og representerer grove brot på grunnleggande menneskerettar.
Ein skulle tru at ei så alvorleg sak hadde skapt meir blest, men det blei altfor raskt stille. Det minste vi kan gjere for barna er å gi saka merksemd, og krevje endring.
Det handlar om barn
Formulering har mykje å seie når vi tar for oss så alvorlege saker. Ungdommane i denne saka er barn. Ifølge FNs barnekonvensjon, som er ratifisert av Noreg, er alle under 18 år å rekne som barn. Dei har dimed rettar som staten er forplikta til å vareta, uavhengig av bakgrunn, handlingar eller livssituasjon.
Når både NRK og Sivilombodet omtalar dei råka som «ungdom», risikerer ein å underkommunisere alvoret i saka. I tillegg handlar ikkje dette om unge vaksne, slik det fort blir oppfatta ved bruk av «ungdom», men om barn som er blitt utsette for alvorlege menneskerettsbrot.
Bekymringsfulle forhold
Langvarig isolasjon er tortur. Fleire av tilfella som blir nemnde i saka, beskriv barn som har sete i isolasjon i opp til 18 timar. Det blir også fortalt at ein ikkje fekk tilbod om mat eller drikke, og eit anna barn fekk avslag då det spurde om eit glas vatn. Ekstra sårt er det eine tilfellet som blir skildra i saka. Barnet på 14 år, like gamal som veslebroren min, låg naken på betonggolvet i 14 timar.
Langvarig isolasjon og umenneskeleg behandling er i strid med både menneskerettane og barnekonvensjonen. At slike forhold blir avdekte i Noreg, er djupt bekymringsfullt. I fleire av tilfella Sivilombodet omtaler, var barna vurderte som ein fare for seg sjølv eller andre, og blei difor plasserte på isolat.
Kvifor desse barna ikkje fekk helsehjelpa dei treng og har rett på, er for meg heilt uforståeleg. Barn i krise treng hjelp, ikkje straff, og i alle fall ikkje isolasjon.
Nokon må ta ansvar
I nokre tilfelle som blir omtalte i rapporten mangla det tilgang på tolk. Det betyr at barnet verken kunne forstå situasjonen det var i, eller formidle eigne behov og kjensler. Dette representerer eit alvorleg brot på både rettstryggleiken og den grunnleggande menneskelege verdigheita eitkvart barn har krav på. Eg blei forferda over å lese om mangelen på tolk i ein så sårbar situasjon. Barns rettar gjeld visst ikkje for alle.
Vi kan ikkje la denne saka forsvinne i mediestraumen. Denne saka er så djupt urovekkande, og eg fattar ikkje kvifor saka er blitt så lite omtalt. Her har norske mediehus mykje å gå på.
Norske fengsel har lenge hatt utfordringar knytte til varetakinga av innsette si verdigheit. At denne svikten også rammar barn, er uakseptabelt. Spørsmålet som gjenstår, er kven som tar ansvar for dei overgrepa som er gjort. Skadane er allereie påførte, og nokon må haldast ansvarlege for den tortur-liknande behandlinga desse barna ber med seg vidare.
Barn i Noreg skal aldri oppleve tortur. No må både Kriminalomsorga og politikarar sørge for at barns rettar blir varetekne i praksis, ikkje berre på papiret.






