Dette er den nye «Nordmannen»

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Premiere: Dette er den nye «Nordmannen»

Nynorsk kultursentrum fleskar til med ny musikkvideo av den nye «Nordmannen» på sjølvaste nasjonaldagen.

– Me hadde lyst til å vera med på å feira 17. mai med heile Noreg. Me meiner at «Nordmannen» er minst like naturleg å syngja som «Ja, vi elsker» på nasjonaldagen, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Ein av dei som var med innspelinga er Sigurd Andreas Aurdal (snart 10). Han er sonen til Gunnar Sigve Aurdal som står bak arrangementet på nyinnspelinga. Runar Gundason har skrive rap-teksten.

– Det var veldig gøy å vere med på. Og det var veldig kjekt å vere med i lydstudio, seier Sigurd Andreas Aurdal til Framtida Junior.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Få òg med deg musikkvideoen som blei laga av «Dei gamle fjelli» til 200-årsjubileet for Ivar Aasen!