Dei gjera hugen glad

Dynamitt og blokkfløyter må til når Ivar Aasen (200) blir feira med ei musikkvideoinnspeling av Dei gamle fjelli.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Feirar Aasen med dynamitt

Måndag 5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Gåva til det norske folk på fødselsdagen, er ein musikkvideo av Dei gamle fjelli. Med fjell og folk frå Vestlandet i hovudrollene, har Dei gamle fjelli fått ei ny innpakning.

– Dette er vår gåve til det norske folk på Ivar Aasen sin 200-årsdag. Dei gamle fjelli er ein song som mange er glad i. Filmen er spelt inn i landskapet Aasen vaks opp i, med flotte skodespelarar og songarar i alle aldrar, fortel prosjektleiar for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk.

– Det er artig at me som er ute på vegane får vera med på ein slik film, seier Gunnar Rovde frå Volda Maskin til Framtida.no.

5., 6. og 7. klasse frå Flekke skule er nokre av dei andre som deltek i filmen.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen? Ta Ivar Aasen-quizen vår!

Blir vist på flyplassar
Ivar Aasen var på reise nesten heile livet sitt, i arbeidet med å samle inn og skriftfeste dei norske dialektane i skriftspråket nynorsk. På 200-årsdagen vil filmen også bli vist til folk som er på reise.

– Flyplassane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil vise filmen på infoskjermane sine på 200-årsdagen. På den måten får vi feira Aasen der folk gjerne er i august, nemleg på ferie, seier Sæterbakk, som håpar filmen vil leve eit langt liv også etter at 200-årsfeiringa og Språkåret er ferdig.

Opptaka til filmen blei gjort i juni i år i Dale i Sunnfjord, Ørsta, Volda og Stryn. Filmen er produsert av produksjonsselskapet Rollo Tomasi for Språkåret 2013. Regissør er Mikal Hovland.

Les siste nytt om Ivar Aasen her!

Faktaboks

Her får du alle dei fem versa av "Dei gamle fjelli":

1. Dei gamle Fjell i Syningom
er altid eins at sjaa,
med same gamle Bryningom
og same Topp om paa.
I Bygdom byggja Sveinarne,
og Huset stender laust;
men dei gamle Merkesteinarne
dei standa lika traust.

2. Paa Fjellom er det leikande
at ganga til og staa
og kring um Toppen reikande
so vidt um Land at sjaa:
til Havet kring um Strenderna
med Skip som Fuglar smaa,
og til Fjelli kring um Grenderna
med tusund Bakkar blaa,

3. Der er so mange Hendingar
i Bygdom komne til;
me sjaa so mange Vendingar
alt paa eit litet Bil.
Dei hava snutt um Vollarne
og stutt og rudt og bygt;
men dei gode gamle Kollarne
dei standa lika trygt.

4. So stod dei gjenom Tiderna
vel mange tusund Aar;
og Graset voks um Liderna,
og Lauvet kom kvar Vaar;
og Vinden tok um Topparne
og Vatnet tok um Fot;
men dei gilde gamle Kropparne
dei toko traust i mot.

5. Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad’ etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom det Mod i Gutarne,
som saag sin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.