I dag er Sankta Corona sin dag. Kven var helgenen, som har eit namn som no er på alle sine lepper?
mm

Corona var berre 16 år då ho vart vitne til at romerske soldatar fjerna augo til og halshogde den romerske soldaten Victor. Medan det skjedde skal ho ha grete og trøysta han – og for dette vart ho sjølv drepen.

Nokon meiner Victor og Corona var gift, andre kjelder fortel at ho var gift med ein medsoldatane hans.

Torturert med palmetre

Soldatane var ikkje mildare stilte mot Corona og skal ha bunde ho til to palmetre dei felte. Då trestammane fall frå kvarandre vart Corona sin kropp riven i stykker.

På grunn av si omsorg og sin grusomme død fekk både Corona og Victor helgenstatus i den katolske kyrkja.

Sankta Corona var ein kristen martyr, skal ha blitt drepen av romerane for kring 1800 år sidan. Historia om Corona er ikkje veldig kjent og varierer noko frå kjelde til kjelde, men er alltid like makaber.

Trass i at dei ofte er framstilte som blonde skal Victor ha vore av italiensk opphav og Corona kan ha vore frå anten Syria, Sicilia eller Marseille. Det er også stor uvisse om kor hendingane fann stad.

Ikkje ein gong namnet hennar er ein sikre på. Ho kan òg ha heitt ein versjon av Stephanie, som på gresk betyr krone. Corona betyr krone på latin, som òg er grunnen til at koronaviruset har fått namnet sitt.

Direktør Birgitta Falk ser på Sankt Corona-heilagdomen i Aachen-katedralen i Tyskland. På skrinet som inneheld det som skal vere beinrestane hennar er Corona avbilda framfor to palmar, som vart hennar bane. Foto: AP Photo/Martin Meissner

Helgen for epidemiar, skattejakt og økonomiske problem

Ifølgje Vårt Land opplever den relativt ukjente helgenen Sankta Corona no ei auke i popularitet verda over og indiske katolikkar skal ha vendt seg til ho for vern mot viruset.

Nokre kjelder vil ha det til at Sankta Corona er helgen for epidemiar, men oftast er det eit spørsmålsteikn bak. Ho vert òg sett på som helgen for slaktarar og skattejegerar, ei ein ber til når ein er i økonomisk trøbbel. Slik sett kan ho uansett vere ein passande helgen for «desse koronatider».

Corona er kanskje aller mest kjent i Austerrike og Bavaria i Tyskland. Nyleg sette Aachen-katedralen i Tyskland fram eit relikvie som ein meiner inneheld beinrestar etter Corona. Dei vart frakta frå Roma til Aachen av kong Otto den tredje i 997. I hundrevis av år låg beina i ei grav under golvet i katedralen. Først i førre århundre vart dei henta opp i gull,- bronse- og elfenbeinsskrinet som no rommar dei.

Minnedagen til Sankt Victor og Sankta Corona er 24. november (11. november i den ortodokse kalenderen), men festdagen deira er 14. mai.

Så i dag kan du gjerne arrangere skattejakt til minne om dei to uheldige sjelene.

Les også den grufulle historia om Lucia: Stakk ut augo med gaffel ved bordell

Den heilaga Lucia slik Domenico Beccafumi (1521) såg ho.
Oppdatert: torsdag 14. mai 2020 14.37
ANNONSE