Lucia (21) døydde då forsøk på tvangsgifte gjekk skikkeleg, skikkeleg gale.
mm

Ungar i heile Skandinavia feirar Lucia i dag, men dei siste dagane til Lucia kjem nok aldri på pensum i barneskulen.

Her får du den usensurerte historia:

Lucia vart fødd i år 283 på Secilia, og døydde i 304. Vel hundre år etter dette finn ein den første skriftlege kjelda til historia hennar.

Lucia skal ha kome frå ein rik adelsfamilie, men faren døydde då ho var fem år gamal. Mora hadde ein blødningssjukdom, noko som gjorde at ho frykta for framtida til dottera. Ho lova difor dottera vekk til ein ung mann frå ein rik familie som ikkje var kristne.

LES OGSÅ: Ut av skapet som heks

Seinare drøymer Lucia at ho skal bli ein helgen og at mora skal bli frisk. 21-åringen overtaler mora til å gi mesteparten av formuen deira til fattige.

Den vonbrotne friaren melder etter dette frå til guvernøren i Syrakus på Sicilia. Guvernøren dømer den unge kvinna til å brenna eit offer framfor eit bilde av keisaren. Lucia nektar dette.

Då dømer han henne til å bli sendt i eit bordell.

Lucia blir henta, men etter soga skal ho ha vore så fylt av Den heilage ande at ho ikkje er til å rikka.

I ein versjon av soga stikk vaktene augo hennar ut med gaffel. I ein annan versjon er det ho sjølv som stikk ut augo sine, etter at friaren hadde sagt ho hadde så fine auge.

– La meg no leva med Gud, skal ho ha sagt då ho stakk augo ut.

I dag er Den heilage Lucia blant dei viktigaste kvinnelege katolske helgenane, og mellom dei få som òg blir feira i protestantiske Skandinavia.

LES OGSÅ: – Ikkje gni augo for hardt

Oppdatert: onsdag 13. desember 2017 10.27

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE