Vitsing om coronaviruset – er det greitt?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I det siste har det vore ein mediastorm om dette «corona-viruset». Det er faktisk nesten fleire saker på framsida til VG om viruset enn det er tips til vektnedgang og «slik veit du om han er utro»-saker. 

Det gjer at eg blir bekymra. 

I starten tenkte eg at eg ikkje ville lese om viruset, fordi eg hadde liksom nok å tenkje på. Du veit: regjeringskrise, polisen smeltar, verda går under, og fleire personar i USA blir skotne i hel kvar dag enn det døyr nordmenn i trafikken kvart år. Dessutan har eg ei innlevering neste veke. Den er også ganske stress. 

Informasjon om corona-viruset på toppen av dette blir berre for mykje, og det tenkte eg at folk rundt meg kom til å forstå. Det verste var for to veker sidan då eg måtte innrømme dette overfor venninna mi rett før vi skulle sjå Nytt på Nytt saman, og eg måtte førebu ho på at eg ikkje kom til å le av coronavitsar. Eg kom ikkje til å forstå dei. 

Coronavitsane kom som perler på ei snor, og etter eit par av dei klarte eg å fatte kva det handla om. Bård Tufte Johansen og Goldmann-fyren eg ikkje hugsar kva heiter til fornamn, vitsa om det og eg lo.

Etter programmet sa eg til venninna mi at eg ville lage ei teikneseriestripe om ein russegjeng som kallar gruppa si for «Corona-viruset» og målar coronaøl på bussen sin og vier heile mai månad til å berre drikke corona på glasflaske. Ho sa at det var, på godt norsk, «too soon». Eg var samd. 

Etterpå gjekk eg inn på Dagbladet, bladde forbi sakene om penisforstørringar og underlivsoperasjonar, og etter eit par timar kom eg endeleg fram til sakene om corona-viruset.

Eg las litt, blei litt klokare, og gjekk på VG etterpå. Uavhengig av kor seriøs og kvalitetssikra den Gullbarbie-nominerte avisa, som ikkje innrømmer at dei kanskje er litt problematiske, meiner at dei er, så er det lurt med ein liten kryssjekk i kjeldekritikk. Berre sånn for sikkerheits skuld, sjølvsagt utan å kritisere Dagbladet for å bidra til dårleg mental helse hos vaksne og barn, og å gaslighte alle unge som prøvar å seie at dei har trakka over grenser.

På VG fikk eg opp denne saka:

Skjermdump frå VG.no 10. februar 2019.

Dette fikk ein tankestraum i gang hos meg, fordi eg kjente eg ikkje var samd i det som stod. Og eg er jo vanlegvis definitivt alltid samd i alt som aviser gjer og skriv, spesielt at Aftenposten har selt seg på gata til Equinor og lagar podkast om kor bra det er at vi fortsatt pumpar olje som ein 18 år gammal gut på bol pumpar jern. 

Eg las denne saka og reflekterte litt, fordi det er jo det desse avisene vil at vi skal gjere, sjølv om dei ikkje gjer det sjølv. Det er jo klassisk oppseding: Gjer som vi seier, ikkje som vi gjer.

Eg spurde meg sjølv kvifor eg ikkje var samd og svaret var opplagt.

Det er ikkje det at eg synest corona-viruset er morosamt. Eg ler ikkje av dei som har mista livet eller er sjuke.  

Dette er same prosedyre som då ebola gjekk rundt for eit par år sidan. Vi lo ikkje av sjukdommen, eller av dei som døydde. Det var ikkje for å gjere narr av sjuke folk at vi stod i skulegarden og sa ebola i same tonefall som Ricola. Vi lo fordi vi var redde og hjelpelause.  

Vi ler fordi vi er liv-fuckings-redde, og eg blir sett ut over at ingen vil la oss deale med det på vår måte.

Vi er ikkje ein hjartelaus generasjon som synest masseepidemiar er hysterisk morosamt, vi er ein generasjon som får nyheiter heile tida og må fordøye det på ein eller annan måte. Nokon gongar så må det berre bli med humor, og det er faktisk berre nøydd til å vere lov.

Memes er liksom ein forsvarsmekanisme som beskyttar oss mot det store, vide alvor, samtidig som dei spreiar informasjon.

Faktisk, så burde vi setje meir pris på meme-kulturen, fordi den tenner ein gnist av nysgjerrigheit i ungdommar slik at dei les nyheiter for å skjønne humoren og kva som skjer.

Og heilt ærleg: Eg hadde ikkje fått med meg kva corona-viruset var viss det ikkje var for vitsar og memes, fordi det var for alvorleg for meg å ta innover meg som råstoff. 

Den innleveringa mi er faktisk ganske stor, og eg trur eg må bestille ein fastlegetime og eg veit ikkje korleis, polisen smeltar, Trump er president, og alt dei største avisene skriv om er kirurgiske inngrep, sex og ei potensiell masseutrydding i form av ein virusepidemi, og eg må leve kvar dag med vissa om at det ikkje er noko i heile verda eg kan gjere for å redde ho – så ver så snill, i det minste la meg le av det. 

(DISCLAIMER: Det er sjølvsagt ikkje greitt med rasistiske memes/vitsar om asiatiske folk, og dei inngår ikkje i kva eg, personleg, synest er morosamt.)