Miljødirektoratet vurderte å politimelde oljeselskap, men gjekk for samarbeid

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 11. mai politimelde Natur og Ungdom fire store oljeselskap for ulovlege utslepp av smøreolje, som vart rapporterte inn til Miljødirektoratet i 2016.

Først året etter sendte Miljødirektoratet beskjed til operatørane om at dei måtte rapportera inn og søkja om tillating til utsleppa.

I satsinga «Giftige løgner», som har ført til at ungdomsorganisasjonen har politimeldt Equinor, Aker BP, Wintershall DEA og Vår Energi for brot på forureiningslova, har Natur og Ungdom stilt spørsmål om kvifor ikkje Miljødirektoratet sjølv har gjort dette.

Gina Gylver har illustrert satsinga for Natur og Ungdom. Skjermdump: Giftigelogner.no

Miljødirektoratet: – Vil bistå med informasjon til politiet

Via presseavdelinga svarar seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Ann Mari Vik Green.

– Miljødirektoratet kommenterer ikkje detaljane i politimeldinga generelt, men vil bistå med informasjon til politiet på førespurnad.

Natur og Ungdom meiner dei har kjelder som indikerer at utsleppa var kjente allereie i 2014 då Shell vart meldt av Miljødirektoratet, medan andre hevdar at utsleppa ved dei andre plattformane vart kjente først i 2016.

Miljødirektoratet stadfestar at dei i 2014 melde Shell for forsettleg eller uaktsomt utslepp av 900 kg smøreolje i 2012. Direktoratet la då vekt på at Shell hadde vore klar over utsleppa, unnlot å følgja regelverket og haldt tilbake informasjon.

– Beslutta å ikkje melde selskapa

20. februar 2017 sende Miljødirektoratet ut eit brev der dei kravde at dei aktuelle selskapa rapporterte inn bruk og utslepp av smøreoljer ved sjøvasspumpene.

– Operatørane blei deretter pålagde å søkja om tillating dersom utsleppa ikkje kunne stoppast. Me har vidare følgt opp gjennom selskapa si årsrapportering og vår tilsynsaktivitet, heiter det i e-posten frå direktoratet.

Direktoratet mottok då omlag 20 søknadar om utslepp av såkalla svarte og raude kjemikalier i smøreolje som hovudsakleg blei behandla i løpet av 2018. Svart kategori er dei mest miljøskadelege kjemikaliane, men også raud kategori er stoff som vert brote langsamt ned i det marine miljøet, som viser potensial for bioakkumulering og/eller er akutt giftige, ifølgje Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet vurderte den gong om det var grunnlag for politimelding, men lot vere fordi dei la til grunn at operatørane ikkje var kjente med utsleppa.

– Det vart beslutta å ikkje melde dei nemde selskapa i denne omgang, men i staden følge opp til samtlege operatører med felt i drift med krav om å sende inn informasjon om sjøvasspumper og bruk og utslepp av smøreoljer, forklarar Green via e-post.

Natur og Ungdom politimelder selskapa både for å sleppe ut giftige smøreoljer utan tillating, men òg for å sleppe ut meir enn dei har tillating til.

Tala som er rapportert inn til Miljødirektoratet for 2019 viser at utsleppa frå sjøvasspumper utgjorde omlag 2,6 tonn kjemikaliar i svart kategori og 2,1 tonn i raud kategori, totalt for sokkelen.

Kor alvorleg forureining er straffbart?

Ole Kristian Fauchald er professor ved Institutt for offentleg rett ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo og tilknyttaFridtjof Nansens Institutt. Foto: FNI

Jussprofessor ved Universitetet i Oslo, Ole Kristian Fauchald, meiner at Natur og Ungdom har noko å fara med i politimeldinga si, så sant forholda dei dokumenterer stemmer.

– Dette er ulovleg forureining, heile underlaget her er eit spørsmål om kor alvorleg ei forureining må vera for å vera straffbar, seier Fauchald på telefon til Framtida.no.

Han forklarar at miljøkriminalitet ofte kan vere vanskeleg å dokumentere og at det difor er eit kapasitetsspørsmål frå politiet si side.

Framtida.no har vore i kontakt med Sør-Vest politidistrikt, som politimeldinga vart send til.

Åslaug Høgemark, seksjonsleiar på Nordsjø- og miljøseksjonen fortel at dei fekk politimeldinga i går.

– Saka må no gjennomgåast, og det er for tidleg å seie noko meir i saka på dette tidspunktet, seier ho i ein e-post via presseavdelinga.

Natur og Ungdom har gjort seg flid med å presentera saka og prosessen på nett. Skjermdump: Giftigelogner.no

Høg terskel for politimelding

Fauchald ser søksmålet frå Natur og Ungdom som eit uttrykk for utolmod over myndigheitene, som kunne valt å politimelde forholda.

– Eg har ei ganske klår kjensle av at det er ein høg terskel for at myndigheitene politimelder og det er gode grunnar for å stille spørsmål om det ikkje er for høg terskel. Det er mykje ulovleg verksemd som skjer fordi myndigheitene ikkje tek eit slikt skritt.

Forskaren observerer det han meiner er ei betydeleg samarbeidstilnærming mellom industri og myndigheiter.

– Ein kan kome langt med ei slik tilnærming, men det kan ikkje vere slik at industrien kan lene seg tilbake og tenkje på dette som ein kost-nytte-situasjon, der dei berre avventar at myndigheitene bli harde i klypa, seier professoren.

Tek seg dårleg ut

Forskaren registrerer at selskapa lenge har hatt ein nullutsleppsvisjon og meiner avsløringane frå Natur og Ungdom tek seg særleg dårleg ut i lys av dette.

Han forklarar at den vanlegaste reaksjonen i slike saker er bøter og etterlyser eit klårare signal frå myndigheitene om at ein ikkje aksepterer brot på miljølovene.

– Det er jo rett og slett for å markera at grensa er overtrådd når det gjeld denne typen stoff, som er veldig giftig òg i små mengder. Ein må ha låg toleranse for at ein held fram med utslepp utan tillating.

Frå venstre: Greenpeace-leiar Frode Pleym, leiar i Naturvernforbundet Silje Lundberg, Aud Nordø frå Greenpeace, Runa Røed frå Greenpeace, Åsa Braut Bache, Lea Justine Nesheim, og Gaute Eiterjord, som er tidlegare leiar av Natur og Ungdom, Halvard Raavand (Greenpeace), Haldis Helle (Natur og Ungdom), Mari Seilskjær (Koalisjonen klimasøksmål Arktis) FOTO: Thor Due/Natur og Ungdom