Natur og Ungdom politimelder fire store oljeselskap for miljøkriminalitet

Oljeselskapa meiner dei har sitt på det reine, men vert politimelde for ulovleg utslepp av smøreolje.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag, måndag 11. mai, politimelde Natur og Ungdom selskapa Equinor, Aker BP, Wintershall DEA og Vår Energi for miljøkriminalitet.

Sidan 2018 har Natur og Ungdom jobba med å kartlegga utslepp av smøreolje frå norske plattformar, noko dei har fått hjelp til av Bellona.

Natur og Ungdom har gjort seg flid med å presentera saka og prosessen på nett. Gina Gylver står for illustrasjonane. Skjermdump: Giftigelogner.no

«Giftige løgner»

I ei storsatsing miljøorganisasjonen har kalla «Giftige løgner» avslører ungdomsorganisasjonen at det i alle fall sidan 2016, og truleg også før det, har leke smøreolje frå sjøvasspumper på norske oljeplattformar ut i sjøen.

«Smøreoljene er i de farligste kategoriene. De brytes ikke lett ned og vil vare lenge ute i naturen. Ingen vet nøyaktig hvor lenge dette har pågått eller hvor mye som har sluppet ut. Men det er snakk om mange tusen liter. Hvert år,» skriv Natur og Ungdom på nettsidene der dei presenterer funna og etterforskinga.

Natur og Ungdom har dei siste to åra jobba med å få oversikt over utsleppa som Miljødirektoratet fekk melding om i 2016. Først i 2017 varsla direktoratet om at operatørane søkjer om løyve for utsleppa.

Ungdomsorganisasjonen reagerer på at ikkje Miljødirektoratet har politimeldt saka og har difor sjølv politimeldt selskapa for brot på forureiningslova sin § 78, som kan straffast med bøter eller inntil eitt års fengsel.

«Det straffbare forhold består i utslipp av smøreolje fra undersjøiske sjøvannspumper på norsk sokkel, dels uten utslippstillatelse etter forurensningslovens § 11, og dels i større omfang enn det som ligger til grunn for gjeldende utslippstillatelser,» heiter det i politimeldinga til Sør-Vest politidistrikt.

Gina Gylver har illustrert satsinga for Natur og Ungdom. Skjermdump: Giftigelogner.no

NU forventar domfelling

Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom Thor Due, som har jobba med å undersøkje saka, regarerer på at det har blitt sleppt ut såpass store mengder kvart år utan at nokon har reagert på det.

– Nokre operatørar har sagt at dei ikkje visste om det, men på eitt tidspunkt må ein jo opne oljetanken og sjå at det manglar fleire hundre liter olje og då burde det ringe ei bjølle, seier Due på telefon til Framtida.no.

I politimeldinga legg Natur og Ungdom til grunn at det kan dreie seg om 30.600 liter giftig smøreolje årleg. Due fortel at det har vore vanskeleg å få oversikt over det totale omfanget, men at dei no var på eit punkt der dei meinte dei hadde nok til å politimelda forholda.

Han har klare forventningar om at politiet no held fram med undersøkingane der dei har vorte møtt av stengde dører og trur på ei domfelling i saka.

– Det er ikkje sikkert at offentlegheita får vete kva som vert dommen, men med eit såpass klårt lovbrot forventar me at dei vert dømde, seier Due.

Aker BP: – Usikkerheit rundt faktiske utslepp

Pressetalsmann i Aker BP, Ole-Johan Faret. Foto: Aker BP

Pressetalsmann i Aker BP, Ole-Johan Faret, svarar i ein e-post til Framtida.no at dei har søkt og fått løyve frå Miljødirektoratet for anslått mengd utslepp frå Alvheim og Ivar Aasen.

– Sjøvasspumpene er i utgangspunktet lukka systemer. Det er likevel usikkerheit rundt faktiske utslepp. Difor rapporterer me no utslepp basert på ein standard utsleppsfaktor (lekkasjerate) som er sett av styresmaktene, skriv pressetalsmann Ole-Johan Faret i ein e-post til Framtida.no.

Han forsikrar om at selskapet er oppteke av å minimere utslepp til både luft og sjø frå verksemda.

– Me jobbar hardt for å forstå og avgrense potensielle miljømessige påverknadar frå verksemda vår, skriv Faret.

Vår Energi: – «Svetting» av små mengdar kjemikaliar

Også Vår Energi seier at dei opererer innafor dei utsleppsrammene som er sette av norske styresmakter, og har utsleppstillating for smøreolje.

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, Andreas Wulff, forklarar at tillatinga vert nytta til brannvass-pumpene på Goliat.

– Pumpene er ikkje i kontinuerleg drift, men ved testing av utstyret vil det førekomme noko «svetting» av små mengdar kjemikaliar. Dette er omfatta av utsleppstillatinga, som set ei ramme på totalt bruk og utslepp på åtte kg per år. Vår Energi jobbar heile tida for å minimere utslepp av stoff som påverkar miljø og klima, skriv Wulff i ein e-post.

– Goliat, som vert drifta med straum frå land, er blant felta på norsk sokkel med lågast utslepp til luft og sjø, legg han til.

Wintershall DEA: – Går regelmessig gjennom kjemikaliebruken

Også Wintershall DEA forklarar at dei operer innafor miljøregelverket og søkjer styresmaktene om relevante utsleppsløyver.

Informasjonssjef i Wintershall DEA, Kjetil Hjertvik. Foto: Wintershall DEA

– Samstundes går me regelmessig gjennom kjemikaliebruken for å skifte til meir miljøvennlege produkt, når nye kjemikaliar eller ny teknolgi mogeleggjer dette, skriv informasjonssjef Kjetil Hjertvik i ein e-post.

Han forklarar vidare at sjøvasspumpene på Brage i utgangspunktet er i eit lukka miljø, men at dei etter samtalar med Miljødirektoratet likevel bestemte seg for å senda inn utsleppssøknad for denne oljetypen.

Equinor stadfestar ovanfor ABC Nyheter at dei tidlegare mangla utsleppsløyve.

– Me har fått ei påpakning av Miljødirektoratet tidlegare, og me har følgt opp dette i dialog med Miljødirektoratet. Me har fått på plass alle dei naudsynte utsleppstillatingane sidan i fjor, og opplever at me har fått avklart situasjonen med myndigheitene, sier kommunikasjonsdirektør Morten Eek i Equinor til ABC Nyheter.

Misnøgd med svara

Due er ikkje vidare nøgd med svara frå oljeselskapa. Han meiner det vert feil når selskapa fokuserer på dagens situasjon og framstiller det som at alt er på stell.

– Hovudsakleg er utsleppa som kjem no etter tillating, men me har politimeldt det som kom før. Men uansett om utsleppa er tillatne eller ikkje, så er fisken som hamnar på bordet ditt like forureina, men det er diverre dei einaste utsleppa me kan ta tak i, seier Due.

Han reagerer òg på at fleire løftar fram at dei har lukka system.

– Det stemmer at ein trudde det, men så viste det seg at det ikkje er så lukka likevel.

Les også: Natur og Ungdom-leiaren: – Me er nøydde å tenkja på klima opp i dette

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie meiner krisa me no står oppi viser kor oljeavhengig norsk økonomi faktisk er. Foto: Thor Due, Natur og Ungdom