Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For 206 år sidan på 17. mai i 1814, signerte kronprins Christian Fredrik av Danmark Den norske grunnlova og vart vald til konge av Noreg.

Og i dag feirar store og små over heile landet, om enn litt annleis enn me plar. Ikkje at det nødvendigvis treng vere så trist. 

Men i resten av verda er det mange andre ting som vert markert på denne dagen, og som plar gå oss nordmenn hus forbi i pølse- og isrusen.

Eit barn på sykkel utanfor Nauru College, 4. juni 2013. Foto: Matt Robertson / DFAT/Flickr

Grunnlovsdagen i Nauru

Først og fremst, det er faktisk eit anna land som også feirar grunnlova si same dag som  oss. I 1968 fekk nemleg Nauru si grunnlov.

Nauru er ein øystat i Oseania i Stillehavet. Med 10 084 innbyggarar på 21 km² er Nauru det minste landet i Stillehavet, og verdas tredje minste stat etter areal – berre Monaco og Vatikanstaten er mindre.

Nasjonaldagen deira er likevel uavhengigheitsdagen. 31. januar 1968 erklærte landet sjølvstende frå Australia. I tillegg er Angam-dagen 26. oktober ein nasjonal feiredag. To gongar i historia har folketalet falt til under 1500 menneske og på Angam-dagen feirar dei at dei kom seg opp att frå det historisk låge innbyggjartalet.

Soldatar i opprørsgruppa i Zaire/DR Kongo, er samla utanfor Goma flyplass i ein militærparade sundag 5. april 1997. Omlag 4000 soldatar var samla, saman med opprørsleiar Laurent Desire Kabila.
(Foto: AP PHOTO/Remy de la Mauviniere)

Frigjeringsdag i DR Kongo

I Den demokratiske repulikken Kongo (D.R. Kongo) feirer dei sin frigjeringsdag i dag. Dagen vert markert for å minnast statskuppet som hende i 1997, leia av Laurent-Desire Kabila.

I november 1965 fekk Joseph-Désiré Mobutu makta i eit statskupp. Han styrte landet som eit diktatur og ein eittpartistat, og kalla landet for Zaire.

I 1994 starta Kabila eit militært opprør med støtte frå Rwanda, Uganda og Burundi.

16. mai flykta Mobutu til Morokko, og Kabila gjorde seg sjølv til president 17. mai.

I dag er sonen hans Joseph Kabila Kabange president.

For å markera høgtidsdagen held dei ulike byane rundt om i landet gatefestivalar med mat, musikk og paradar.

Likekjønna “Kiss-a-ton” i Paraguay, under den internasjonale dagen mot homofobi. Gruppa “somosgay” stod bak arrangementet 17. mai 2016. Paraguay har ingen anti-diskrimineringslover.(Foto: AP Photo/Jorge Saenz)

Den internasjonale dagen mot homofobi

17. mai 2005 vart Den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi markert for første gong.

Det var franske Louis-George Tin som tok initiativ til dagen, som for første gong vart markert på dagen 15 år etter at WHO (Verdas helseorganisasjon) strauk homoseksualitet frå si liste over sinnslidingar i 1990.

I 2016 hadde markeringa spredd seg til 132 land rundt om i verda.

Verdas bakedag

17. mai er også Verdas bakedag. Det er litt usikkert kor denne tradisjonen stammar frå, men truleg var det berre nokon som ville laga ein ny internasjonal dag. Ifølgje daysoftheyear.com, var idéen at bakegleda skulle spreiast – særleg med dei som kanskje ikkje plar baka så mykje elles.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Den internasjonale dagen for høgt blodtrykk

Også kalla World hypertension day var eit initiativ frå the World Hypertension League (WHL). Målet er å skapa meir medvit om hypertensjon (høgt blodtrykk) og oppmoda folk til å sjekke seg.

Dagen vart først markert 14. mai 2005, men vart flytta til 17. mai i 2006.

International Telecommunication Union-monumentet i Bern, Sveits. På teksten står det: “International Telegraph Union grunnlagt i Paris i 1865 på initiativ frå den franske regjeringa.  [Dette monumentet] oppstod etter at Telegraf-foreininga bestemte det på ein internasjonal konferanse i Lisboa 1908. – 1915”)

Verdas telekommunikasjons- og informasjonsdag

Dette er eigentleg ei markering som er slått saman frå to FN-markeringar: verdas telekommunikasjonsdag (1969) og verdas informasjonssamfunnsdag (2006).

Dagen er til for å feira dei ulike teknologiske framstega innanfor kommunikasjon. Telefonen i 1876, den første satelitten som vart sendt ut i 1957 og internett som kom på 60-talet, til dømes.

World Telecommunication and Information Society Day har blitt feira sidan 1969 og markerer årsdagen for opninga av verdas første internasjonale telegraf-samling og dagen foreininga for internasjonal telekommunikasjon (ITU) vart oppretta under samlinga i 1865.

Visste du

  • at den første tekstmeldinga som nokonsinne vart sendt var «God jul» (Merry Christmas)?
  • at det tok omlag eit år å kopla saman den første telefonlinja mellom San Fransisco og New York?
  • at telefonen er den mest innbringande oppfinninga i USA si historie?

Pat Rack Day (ryddedag) i USA

Ein litt mindre offisiell merkedag 17. mai er Pack Rat Day i USA. Den siktar seg inn mot hoardar-ane, dei som ikkje greier å kvitta seg med noko som helst, og oppmodar til å gjera nett det: Rydda i sakene og kvitta seg med det ein ikkje treng.

Nasjonal dag for å sykle til jobben i USA

I USA er det også den nasjonale Bike to work day 17. mai. Den uoffisielle merkedagen har spreidd seg til Canada, Europa og Asia.

Dagen vart skapt av organisasjonen League of American Bicyclists i 1956.

Datoen inngår også i sykkel-veka med Bike to work day i mai og Verdas sykkeldag 3. juni.

Kronprinsfamilien under 2. verdskrig. Kronprinsbarna Astrid, Harald og Ragnhild kringkastar si julehelsing frå USA, jula 1942.
Foto: NTB / SCANPIX

Namnedag

I Noreg feirer me i dag namnedag for: Harald og Ragnhild. To namn med mykje kongeleg ballast.

Så det er noko å tenke på når du plar sjå kongen vinka frå balkongen på Slottet. Han feirar ikkje berre nasjonaldag, men også namnedag! Prinsesse Ragnhild var storesøster til kong Harald. Kanskje litt kjipt for veslesøster prinsesse Astrid å ikkje få dele namnedag med søskena.

Tuanku Syed Sirajuddin. Foto: Kremlin.ru

Bursdagen til kongen i Perlis, Malaysia

I delstaten Perlis i Malaysia feirer dei denne dagen bursdagen til overhovudet: Rajaen av Perlis, Tuanku Syed Sirajuddin, som vart fødd 17.mai 1943.

Han har vore raja sidan 7. april 2000 og fram til i dag.

ʻAẓamat-feiring

I Bahai-trua feirer dei denne dagen ʻAẓamat. Bahai-truande følgjer sin eigen kalender med 19 månadar, som varar i 19 dagar. Ved starten av kvar månad feirer dei den nye månaden.

ʻAẓamat er den fjerde månaden og varar fram til 4. juni. Kvar månad i året har namn som skal skildra ulike kvalitetar ved gud, og ʻAẓamat betyr storheit, majestetisk, ærefull.

I 2020 var dei i Bahai-kalenderen kome til år 177 B.E. Dei tel frå torsdag 21. mars 1844, byrjinga av Baha-æraen, også kalla Badí (B.E).

Galisisk litteraturdag

I Galicia, Spania feirer dei denne dagen den Galisiske litteratur-dagen. Dei feirar det galisiske språket og litteraturen.

Dei har feira kvart år sidan 1963, då Det kongelege galisiske akademiet (Real Academia Galega) innførte merkedagen. Det var 100 år etter det første verket på galisisk, Cantares gallego, vart publisert 17. mai i 1863. Det var skrive av Rosalía de Castro.

Sidan då har kvart år vore dedisert til ulike forfattarar som skriv på galisisk. I 1991 vart dagen innført som ein offentleg høgtidsdag i Galicia.

Slaget ved San Lorenzo i 1813, under den argentinske frigjeringskrigen. Måleri av : Ángel della Valle – Museo Histórico Nacional

Marinedagen i Argentina

I Argentina feirer dei Marinedagen for å minnast sigeren i 1814, i Kampen om Montevideo.

Slaget ved Buceo var eit avgjerande slag til havs, som varte frå 14.-17. mai i 1814. Dette var under den Argentinske frigjeringskrigen, og slaget stod mellom den argentinske og den spanske flåten utanfor kysten av Montevideo, som i dag ligg i Uruguay.

Den 17. mai vart fem spanske skip brent og to tekne til fange. Dei andre overga seg og 500 spanjolar vart tekne til fange. Dei argentinske styrkane mista fira menn i kampen og eit skip.

F.v. Jack Haley, Ray Bolger, Judy Garland og Bert Lahr som gjer reklame for filmen frå 1939.
Foto: CBS Television Network

Andre ting som skjedde denne dagen

  • 1792 – New York-børsen vert grunnlagt.
  • 1814 – Noreg får si eiga grunnlov.
  • 1846 – Saksofonen vert patentert av Adolphe Sax.
  • 1885 – Molde kyrkje brann ned til grunnen etter å ha blitt treft av eit saluttskot.
  • 1900 – Barneboka Trollmannen frå Oz av L. Frank Baum, vart publisert for fyrste gong i  USA.
  • 1902 – Den greske arkeologen Valerios Stais oppdagar Antikythera-mekanismen, som blir kalla verdas første analoge datamaskin.
  • 1933 – Vidkun Quisling and Johan Bernhard Hjort skipar partiet Nasjonal Samling.
  • 1948 – Finn Schjøll, også kjend som Blomster-Finn, blir fødd i Horten.
  • 1954 – Høgsteretten i USA forbyr raseskille i skulane i saka Brown vs. Board of education
  • 1968 – Nauru får si grunnlov.
  • 1970 – Thor Heyerdahl siglar ut frå Marokko med papyrusbåten Ra II for å kryssa Atlanterhavet.
  • 1990 – Generalforsamlinga i Verdas helseorganisasjon (WHO) stryk homoseksualitet frå lista over sinnslidingar.
  • 1993 – Rebecca Stephens vert første kvinne til å bestiga Mount Everest.

Les også: Tidenes beste 17. mai – utan bunadspolitiet, angst og lunkne wienerpølser

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen.