Tobias (9) har cerebral parese og autisme – vil gå maraton

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenkte: Kvifor ikkje bruke gåinga mi til å fullføre eit maraton ved å gå opp og ned gata mi. Dette kjem til å bli ei enorm utfordring for meg. Eit maraton er 42.195 meter, men eg er bestemt på gjere det.

Det fortel Tobias Garbutt frå Sheffield i ein Twitter-video delt av Paces Sheffield, som er ein av organisasjonane niåringen har bestemt seg for å samla inn pengar til.

Samlar pengar til skulen og sjukehuset

Niåringen vil samla inn pengar til eit nytt skulebygg for organisasjonen PACES Charity, der han sjølv går.

– Det treng verkeleg eit nytt bygg, så venene mine og eg kan gjere mykje meir framsteg og bli meir uavhengige.

I tillegg vil han samla inn pengar til barnesjukehuset i Sheffield, der han sjølv har fått god behandling av legar og sjukepleiarar.

9-åringen fortel at han byrja med å gå 50 meter dagleg med gåstativet sitt, men at han no er oppe i 650 meter. Onsdag vart han møtt av applaus frå naboar på sin daglege treningstur.

Inspirert av Captain Tom Moore

Garbutt vart inspirert til stuntet då han såg 99 år gamle kapteinen Tom Moore, som laurdag hadde samla inn over 380 millionar kroner til det britiske helsevesenet ved å gå hundre rundar i hagen. Målet hans var beskjedne 1000 pund, som tilsvarar nesten 13.000 norske kroner.

Krigsveteranen Tom Moore er fotografert med familien sin etter at han 16. april fullførte målet sitt om å gå hundre rundar i hagen, før han fyller hundre år 30. april 2020. Foto: Joe Giddens/PA via AP)

Moore, som vert 100 år torsdag 30. april vert hylla med sitt eige poststempel denne veka.

Eldstemann på hitlistene

99-åringen kan òg skilte med å vere den eldste personen nokosinne til å ha ein nummer éin hit på den britiske singellista, melder VG. Tom Moore har nemleg spelt inn ein ny versjon av klassikaren You’ll never walk alone med Michael Ball og eit kor med songarar frå helsevesenet.

Moore slo førre rekordhaldar på lista, Tom Jones, med over 30 år. Inntektene frå singelsalet går sjølvsagt til helsevesenet og i innspurten oppmoda The Weeknd, som låg på førsteplass med singelen Blinding Lights alle følgjarane sine om å lasta ned songen til Moore før bursdagen hans.