BBC har invitert internasjonale stjerner til å gå saman i ei nyinnspeling av Foo Fighters-hiten «Times like these» for å samla inn pengar i koronakrisa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
BBC har samla nokre av dei største artistane i verda for å spele inn ein ny versjon av Times Like These, alle frå kvar sine heimar.
Inntekt til veldedigheit
Torsdag 23. april var det verdspremiere på musikkvideoen på BBC-programmet The Big Night In, som vart halde for å samla inn pengar til dei lokale organisasjonane Comic Relief og Children in Need.
Ein kan lasta ned nyinnspelinga og inntektene skal gå til velgjerdsorganisasjonar. Dei britiske inntektene til Comic Relief og Children in need, og dei internasjonale inntektene til koronafondet til Verdas helseorganisasjon (WHO).
Artistane som er med
På artistlista finn me store kjende namn, inkludert vår eigne Sigrid.
Dette er artistane:
5 Seconds of Summer | Anne-Marie | AJ Tracey |
Bastille | Biffy Clyro | Celeste |
Chris Martin i Coldplay | Dermot Kennedy | Dua Lipa |
Ellie Goulding | Foo Fighters | Grace Carter |
Hailee Steinfeld | Jess Glynne | Mabel |
Paloma Faith | Rag N Bone Man | Rita Ora |
Royal Blood | Sam Fender | Sean Paul |
Sigrid | YUNGBLUD | Zara Larsson |