Musikken er mest dyster i februar

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det britiske magasinet The Economist har studert dei mest spelte låtane på Spotify og kome fram til når på året vi høyrer på musikken som høyrest lykkelegast ut.

Lykkelege Aretha

Spotify har ein eigen algoritme som tolkar kor “lykkeleg” ein song høyrest ut. Algoritmen er samkøyrt med rangeringar frå musikkekspertar. Resultatet er ein skala for å rangere lykkelege og triste songar, som går frå 0 til 100. Songar med mest poeng er lykkelege, medan songar med få poeng er triste.

Ifølgje algoritmen har Aretha Franklins song Respect 97 av 100 poeng, medan Radioheads song Creep har 10 poeng.

Ved å samanlikne dei mest høyrte songane med algoritmen har The Econonomist kome fram til når musikksmaken vår er mest dyster.

Sommar = Glede

På den nordlege halvkule er det i februar vi høyrer mest på songar som Creep av Radiohead, Make You Feel My Love av Adele og Bridge Over Troubled Water av Simon & Garfunkel.

Ikkje overraskande er det på sommaren vi er på vårt gladaste i musikkvegen. Høgdepunktet kjem i juli. Det er månaden vi høyrer på Respect av Aretha Franklin, Shake It Off av Taylor Swift og Hey Ya! av Outkast.

Humørsvingar i nord

Noreg, Sverige og Finland er blant landa som har størst svinging på skalaen.

Det viser seg at for kvar ekstra time med dagslys eit land har utanfor den årlege normalen, aukar sannsynlegheita for at låten er lykkelegare med 0,6%. Samstundes gir dagar med regn større sannsynlegheit for at vi høyrar på tristare songar.

Billie Eilish syng også songar av det meir mørke slaget. Pressefoto