NRK: Regjeringa vil flytta iskanten sørover
Regjeringa vil ifølgje NRK flytta iskanten lenger sør enn i dag. Dei lyttar likevel ikkje til rådet frå sine eigne ekspertar om kor langt sør grensa skal gå.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa kjem truleg denne veka med forslaget sitt til kvar iskanten i Barentshavet skal liggja.
Ifølgje NRK opplyser kjelder i regjeringspartia at dei vil flytta iskanten sørover. I dag ligg den politiske iskanten i områda der det er 30 prosents sjanse for is. Ekspertutvalet Fagleg Forum har tilrådd å leggja iskanten der det er 0,5 prosents sjanse for is, mellom anna fordi global oppvarming gjer at iskanten trekkjer seg stadig lenger nordover.
Flyttar truleg iskanten til 15 prosent
Ifølgje kjeldene NRK har snakka med, kjem regjeringa til å foreslå ei grense ein stad mellom 0,5 og 30 prosent.
NRK kjenner ikkje til akkurat kvar regjeringa vil leggja iskanten, men ifølgje kringkastaren seier fleire kjelder at ein iskant ved 15 prosents sannsyn for is har vorte diskutert. Det same vart stadfesta til NTB tidlegare denne veka.
Definisjonen av iskanten er viktig fordi han i praksis har sett grensa for kor langt nord i Barentshavet det skal vera tillate med oljeverksemd.