Arild Midthun gir kurs i Donald-teikning på Facebook
Kvar dag klokka 12.00 sender serieforlaget Egmont teiknekurs for barn i karantene.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Donald-teiknar Arild Midthun. Foto:Ra Boe/Wikipedia
Det kjem stadig nye nettilbud tilpassa barn som har lange dagar heime.
Sist ut i rekka over kreative sjeler som no tilbyr ungane underhaldning, er Donald-teiknar Arild Midtun. Han skal lære ungane å teikne Donald og sender live frå Facebook-sida til bladet.
«Stuntet» skjer kvar dag klokka 12 denne veka – frå og med tysdag 17. mars, kjem det fram i ei presemelding frå Egmont.
– Det er rørande og godt å sjå korleis folk tar vare på kvarandre på nye, kreative måtar i ei så spesiell og avgrensande tid, seier Donald-redaktør Marius Molaug.
«Arild tegner Donald mens du kan følge med og stille spørsmål fra Donald-bladets facebookside. Og rekker du ikke å være foran skjermen akkurat da, så vil livesendingen ligge på siden i ettertid også», melder Egmont vidare.