Fem Roald Dahl-bøker alle burde lese

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den beste måten å feire Roald Dahl-dagen på er ved å lese ein av dei mange bøkene han har skrive.

Du har kanskje allereie lese om det misforståtte geniet Mathilda eller sett filmen om Store vennlige kjempe då den rulla over kinoskjermar for nokre år sidan?

Her er fem tips til andre bøker du bør ta deg tid til å nyte:

Et hode kortere og andre hårreisende historier (1953)

I tillegg til fantastiske barnebøker har Roald Dahl eit fantastisk blikk for det mørke og makabre. I novellesamlinga Et hode kortere og andre hårreisende historier (Someone like you) kan ein mellom anna lære metoden for det perfekte mord og lese om ei tatovering, som er til sals.

Dette er ikkje noko for barn eller sarte sjeler.

Charlie og sjokoladefabrikken (1964)

Det er ei fascinerande barnebok om sjokolade og umpa-lumpaar. Men boka handlar også om kor fort livet kan snu opp-ned, litt som eit eventyr. Moralen er at den som ikkje har noko rikdom, men som er sympatisk, vil kome sigrande ut av det. Slik er det for Charlie også. Willy Wonka blir framstilt som ein til tider usympatisk og snål fyr, samtidig som han har ein tanke og eit hjarte, og ein stor plan med besøket – som også er tvisten i boka. Dei karikerte figurane i boka er typiske for Roald Dahl sine bøker.

Les også: Rart om Roald

Georgs magiske medisin (1981)

Denne boka er eit av Roald Dahl-verka som sjeldan vert inkludert i «Topp 10 barnebøker»-kåringane. Kanskje er det fordi moralen er litt uklar. Er det greitt å kvitte seg med bestemor om ho er fæl? For bestemora til Georg er fæl – ho kjeftar, er sur og fortel skrøner om at ho et insekt. Georg trur ho kanskje er ei heks (men ho brukar ikkje hanskar og har tær, så det kan ho ikkje vere). Boka er likevel verdt å lese – den handlar om Georg som viser seg å vere ein ung kjemikar og tuklar med bestemora sin medisin, noko som får uante følgjer.

Om leselysta sviktar, så reiser Riksteateret i desse dagar heile landet rundt med førestilinga Georgs magiske medisin.

Danny og den store fasanjakten (1975)

Danny bur med far sin i ei campingvogn. Når dei skal på hemmeleg, ulovleg fasanjakt inne i skogen er det på det mest fantasifulle, utspekulerte og profesjonelle vis. Istaden for gevær har dei med seg ein haug full av rosiner med møysommeleg innsydd fasandop. Korleis Roald Dahl beskriv fasanane som dett i bakken ein etter ein når dopet slår inn, og kor spenninga ligg heilt oppunder kokepunktet når Danny og faren må rekke heim med fangsten før fasanane i sekkane vaknar av rosindvala – det er eit minne vi kan love deg vil sitje i kroppen i åresvis.

Les også: Feirar Roald Dahl med gjendikting

Heksene (1983)

Roald Dahl beskriv årsmøtet til dei fryktinngytande heksene som om det var ei hemmeleg sekt som har samla all verdas ondskap i eitt og same rom. Dei hatar barn, og om eit barn skulle vere så uheldig å hamne i nærleiken av ei heks, så er det livsfare på ferde. Hovudpersonen i boka hamnar midt i lokalet under det årlege heksemøtet, og gjer det han kan for å motarbeide dei og for å ikkje bli oppdaga. Heksene kan lukte barn, så det beste er å ikkje vaske seg. Ein kan òg kjenne dei att dei på følgjande trekk: Hekser har ikkje hår, men brukar parykk; dei går alltid med hanskar fordi dei ikkje har negler; dei manglar tær; og dei har blått spytt, noko som gjer at dei ofte har blå tenner og blå tunge. Ver på vakt!

Les også: Ei samla oversikt over Framtida.no sine beste lesetips!