Tre podkastar du kan høyre på om du vert klaustrofobisk av reiseforbodet

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utanriksdepartementet frårår framleis alle reiser til utlandet som ikkje er strengt nødvendige, og dermed vert alle helgeturar og feriar utanfor Noregs grenser utsette på ubestemt tid.

Men sjølv om ein skal halde seg heime, betyr ikkje det at ein ikkje kan ta eit lite djupdykk i eit nytt land.

198 land med Einar Tørnquist

Einar Tørnquist lagar podkast også utan Jan Thomas, og denne er verdt å sjekke ut!

Premisset for podkasten 198 land er ganske sjølvforklarande – for kvar episode snakkar Tørnquist og ein gjest om eit nytt land.

Dette er podkasten du skal høyre om du først av alt vil ha kuriosa om landa, ikkje om du er på jakt etter inngåande kjennskap til kulturen ein møter der.

Anbefalt episode: Nord-Korea med Erika Fatland som er i to delar.

Globusrulett med Gunnar Garfors og Thorkild Gundersen

Naustdølingen Gunnar Garfors er mest kjend som globetrottar og verdsrekordhaldar. Han har mellom anna besøkt alle verdsdelar på eitt døgn, reist jorda rundt på 56 timar og vore innom 19 land på 24 timar. Det er nok til å verte litt sveitt av.

Garfors har skrive fleire bøker om reisene sine, seinast Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land.

I denne podkasten har han slått seg saman med reisejournalist Thorkild Gundersen for å igjen besøke alle verdas land – og nokre kule byar – men utan å flytte seg ein meter.

Kvar episode går til eit nytt land, med nokre særepisodar innimellom. Ein får høyre litt om historia, nokre morofakta og ikkje minst, korleis det faktisk var å besøke plassen.

Rekommandert: Verdas minst besøkte land

Gunnar Garfors har også vore gjest i Kristopher Schau sin podkast Rekommandert. Der fortel han om verdas ti minst besøkte land, korleis han kom seg dit og kor vidt dei var verdt besøket. (Plottblottar: Ikkje alle opphalda var like trivelege.)

Dette er podkastepisoden du skal høyre dersom du vil innom mange land på relativt kort tid, og berre ha høgdepunkta.

Podkasttips

Dersom du no vert biten av podkast-basillen, så har Framtida.no tidlegare anbefalt ei rekkje podkastar som er verdt å lytte til: