Titusenvis tilbyr nabohjelp på nett
Nordmenn strøymer til appar og eigne nettgrupper for å hjelpe kvarandre. Appen Nabohjelp får tusen nye brukarar kvar dag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Obos, som står bak appen Nabohjelp, melder at dei den siste tida har fått over 10.000 nye brukarar.
Nabohjelp vart opphavleg laga for å gjere det enklare for folk i same nabolag å dele på ting og hjelpe kvarandre med gjeremål. No har tenesta til saman over 130.000 brukarar.
– Det er rørande å sjå kor stort engasjement folk viser i denne vanskelege tida. Og vi trur behovet for bistand på ingen måte vil minke med det første, seier digitaldirektør Cathrine Wolf Lund i Obos.
Koronahjelp
Torsdag oppretta òg Finn.no ein eigen korona-kategori blant tenestene sine for å kople hjelparane med folk som treng ei ekstra hand under koronakrisa.
Same nettstad sette førre veke ein stoppar for sal av produkt relatert til korona, mellom anna for å hindre folk i å ta seg for godt betalt for produkt som masker og munnbind.
39.000 i Oslo
Også Facebook har fått folk saman i grupper der ein hjelper kvarandre med innkjøp, gjeremål og økonomiske utfordringar.
Gruppa «Oslo hjelper Oslo» hadde fredag ettermiddag 39.000 medlemmer. Måndag var det 41.700 medlemmer. Titusenvis av andre har slutta seg til liknande grupper for byar og lokalmiljø over heile landet.