Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før helga vart det klart at Netflix og YouTube skrur ned videokvaliteten på innhaldet sitt.

No stadfestar Apple, Amazon, Facebook og Instagram å ha skrudd ned kvaliteten i Europa med umiddelbar effekt. Det melder tek.no.

Det var EU-kommisær Thierry Breton som førre veke ba strømmetenestene gjere dette, for å hindra at internett skulle bli overbelasta i samband med at mange no er heime større delar av dagen.

Ikkje i Noreg?

Sidan ønsket kom frå EU, er Noreg teknisk sett ikkje inkludert. Ifølgje tek.no har Netflix sett ned bitraten med 25 prosent i heile Europa, inkludert Noreg. Google seier at Noreg foreløpig ikkje har fått ei kvalitetssenking på YouTube.

Apple, Amazon, Facebook og Instagram har ikkje stadfesta om kvalitetssenkinga gjeld EU-land eller heile Europa, men i alle meldingar nemner dei Europa, og ein kan rekne at det også inkluderer Noreg.

Ikkje krise enno

I Noreg seier leverandørane at dei kjenner den ekstra belastinga. Men både Altibox og Telenor har sagt at dei enno ikkje har hatt kapasitetsproblem etter landet fekk beskjed om å vere meir heime og ha heimekontor.