Kunnskapsministeren lovar avgangselevar eksamenssvar neste veke
Det er ikkje klart kva som skjer med eksamen og fagprøvar for elevar og lærlingar. Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier at det kjem svar neste veke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi jobbar med å avklare eksamen og fagprøvar for elevar og lærlingar og tek sikte på å kome med ei avgjerd om eksamen i neste veke, seier Melby til Budstikka.
Ho understrekar at alle elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring vil få vitnemål sjølv om eksamenar skulle bli avlyste.
– Det viktigaste for oss no er at opplæringa blir lagd opp på ein måte slik at alle kan få ein standpunktkarakter i faga sine denne våren og blir førebudde til eventuelle eksamenar, seier kunnskapsministeren vidare.
Fredag har norske skular og barnehagar vore stengde i ei veke på grunn av koronaviruspandemien. I perioden skulane er stengde, får elevar og studentar digital undervisning heime.