Kan kloakken avsløra omfanget av viruset SARS-CoV-2, som er årsaka til koronasjukdommen Covid-19?
NPK-NTB
NPK-NTB

Niva, NMBU, Karolinska Institutet og Veterinærinstituttet har søkt Forskingsrådet om midlar til kloakkanalysar for å sjå om vatnet kan avdekkje virusomfanget.

Ei overvaking i avløpsvatn kan fange opp patogen, sjukdomsframkallande bakteriar og virus, før folket viser teikn på symptom.

Sidan SARS-CoV-2 «oppformerer» seg i tarmen og blir skilt ut i avføring, har prosjektpartnarane stor tru på tilnærminga, skriv Norsk institutt for vassforsking (Niva) på nettsidene sine.

– Denne tilnærminga vil vere uavhengig av sjukehusrapporteringssystem, fri for skeivskap i samfunnet og kan tilpassast nye og overhengande truslar mot folkehelsa, seier Niva-forskar Jose Antonio Baz Lomba.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE