Yrket mitt: Elias (23) er møbelsnikkar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 05.05.2020 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg valde møbelsnikkar fordi eg var veldig glad i å lage ting og har snikra ein del med min far opp igjennom oppveksten sidan han er tømrar, fortel Elias Teinum Reinhardsen på e-post til Framtida.no.

Samstundes gjekk 23-åringen på Steinerskulen då han var yngre, og arbeidde difor veldig mykje praktisk. Alt dette førte Elias Teinum Reinhardsen til Henriksens snekkeri i Arendal, der han no arbeider.

I november 2018 tok Reinhardsen gull i yrkes-NM for møbelsnikkarar, og i midten av semptember reiser han til Graz i Austerrike med håp om å hente heim ein gullmedalje også frå yrkes-EM.

Vert berre gøyare

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ja, det gjorde den absolutt. Utdanninga går ut på to år på vidaregåande skule, og to år i lære hjå ei bedrift. Då jobbar ein allereie som snikkar etter to år inn i utdanninga.

– Svarte det til forventningane?

– Ja, det gjorde det! Det vert jo berre gøyare og gøyare jo meir ein lærer og får prøvd ut nye teknikkar og diverse.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Det er ingen vanlege arbeidsdagar hjå oss fordi vi lagar alle mogelege forskjellige møblar. Men ein arbeidsdag består av 8 timar med tre pauser hjå oss. For min del så kan eg sitje eit par timar på pcen til å byje med, og programmere litt program til CNC-fresen vår, som kuttar ut kva enn du vil – til dømes ei rund bordplate, som deretter må pussast, og lakkast eller oljast.

Her kan du få eit lite innblikk i arbeidskvardagen hjå Henriksens snekkeri: 

– Kva er det beste med jobben?

– Når ein får eit fint møbel som kan lagast, og du får gjennomføre heile prosessen sjølv – frå råmaterial til ferdig produkt!

Foto: Elias Teinum Reinhardsen

Eit av møbla 23-åringen er mest fornøgd med er denne stolen til høgre, som han sjølv har designa og laga.

Først teikna han stolen, og eksperimenterte litt med ulike høgder for å få den så komfortabel som mogeleg. Deretter byrja han å skjere ut delar og lime opp emner til ryggen, før han fresa ut alle delane. Så kunne han sette alt saman med nokre tappar, skruar og lim.

Men stolen var ikkje ferdig, sjølv om den stod. Den laut også pussast, beisast, pussast ein gong til og så få eit par strok olje til slutt.

– Kva er det mest utfordrande?

– Kanskje det å halde det veldig ryddige medan ein jobbar, og samstundes vere produktiv.

Montert møblar på Stortinget

– Kven passar yrket for?

– Det passar for alle som likar å skape og lage ting, eller som er litt kreative.

– Har du tips til ungdom som siktar mot dette yrket?

– Ja, viss dei startar denne utdanninga, så er det berre å stå på. Og ver litt eksperimentell, og prøv nye ting heile tida, som å lage eigne møblar på fritida til dømes.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det skjer ikkje så mykje utrulege ting på jobb, men eg har vore med å montere møblar på Stortinget eit par gongar, og det er jo ganske nice.

Arkitekt John Haddal Mork (29) og kollega Anders Gunleiksrud (bak) ser nøgd på Vasshoppet dei har teikna. Foto: Privat

Elias Teinum Reinhardsen

Alder: 23 år

Frå: Kristiansand

Yrke: Møbelsnikkar

Utdanning: Møbelsnikkar