Beredskapsboka «I tilfelle dommedag» ligg på boktoppen

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 22.03.2020 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Beredskapsforfattar: – Ingen grunn til å ete hermetikk berre fordi vi er i ei krise

– Først av alt synest eg det er flott at ho blir lasta ned heimanfrå som ebok. Å halde seg heime er det beste ein kan gjere akkurat no, seier forfattaren til NTB om at boka no er svært etterspurd.

Laurdag skreiv VG at beredskapsboka hans var den mest selde på såkalla «Klikk og hent» hos bokhandlarkjeda Norli. Sidan har ho vore ein gjengangar på Adlibris boktopp.

«Du er en del av Norges beredskap»

For litt over eit år sidan fekk Hagerup, til liks med alle oss andre, ein brosjyre frå norske styresmakter der det stod: «Du er en del av Norges beredskap». Her vart alle bedne om å ha det dei treng i heimen for å handtere å vere utan straum, vatn og internett i 72 timar. Ei lang sjekkliste følgde òg med.

– Eg innsåg at familien ikkje var i nærleiken av å ha det som vart anbefalt, seier trønderen – som i arbeidet med å finne ut av alt dette vart reine eksperten på området. Og då kunne han like godt skrive bok, fann han ut.

Det kjem nok til å bli ekstremt tøft i ein periode framover

– Då eg skreiv «I tilfelle dommedag» såg eg jo at det dei sa var den største trusselen, var nettopp pandemi. Sånn sett vart eg kanskje ikkje så overraska som ein del vart, men heldigvis er vi òg no langt unna nokon reell «dommedag». Det kjem nok til å bli ekstremt tøft i ein periode framover, men vi skal komme oss gjennom dette saman, seier forfattaren til NTB.

Ein bør mellom anna ha vatn, ved, teppe, våtserviettar, nøtter, hermetisk mat, primus med kjele, radio og hovudlykt i beredskap, men treng ikkje endre handlevanane ifølgje DSB. Foto: DSB

– Variert mat

Boka gir mange råd til korleis ein kan klare seg i krisetid, mellom anna blir vi bodne på mange praktiske tips i mat og drikke-vegen.

– Til dømes er det viktig å ikkje kjøpe meir matvarer enn du treng, men samtidig handle nok til at du kan sleppe å dra i butikken dersom du blir sjuk i til dømes ei veke. Då er det òg viktig med variert mat, så kjøp heller litt meir av det du vanlegvis handlar, og lag ein konkret plan for korleis du kan lage mat enkelt dersom du eller nokon i husstanden skulle bli sjuk. Forsøk òg å innføre konkrete rutinar gjennom dagen, slik at du har noko å gle deg til, og finn aktivitetar som kjennest trivelege og meiningsfulle, seier forfattaren vidare.

Han rår folk som bur åleine til å handle inn nok mat til å sleppe å dra i butikken dersom dei blir dårlege i til dømes ei veke.

– Men då vil det vere lurt å ha mat som er enkel å lage, og som du liker å ete til vanleg. Det er ingen grunn til å ete hermetikk berre fordi vi er i ei krise – tvert imot er det å lurt å behalde eit normalt kosthald, og heller ha litt ekstra av dei matvarene. Det hjelper til å normalisere kvardagen, og det treng både store og små i slike situasjonar, held han fram.

Egil Aslak Aursand Hagerup gjer suksess med boka «I tilfelle dommedag», som kom ut i fjor. Foto: Kagge forlag

Optimistisk

Sjølv har han og familien eit skap dei kallar «beredskapet» heime. Der har dei tinga norske styresmakter ber oss om å ha, som litt ekstra vatn og primus. No har dei henta fram Antibac, og dessutan frose ned porsjonspakkar med gode middagar.

– Så er det berre å varme opp dersom ein av oss skulle bli sjuk og må ta vare på både partnar og småungar, seier han.

Personleg skulle eg gjerne sett at strengare tiltak vart sett i verk tidlegare

– For ein person som har vore førebudd på krise. Kva tenkte du då koronaviruset nærma seg Noreg, Hagerup?

– Personleg skulle eg gjerne sett at strengare tiltak vart sett i verk tidlegare, men no sit jo ikkje eg på verken ekspertisen eller all informasjonen som helsestyresmaktene må ta høgde for. Særleg er jo oppfordringa om isolasjon ekstra krevjande for barn i eksempelvis valdelege heimar, så det er jo krevjande å gi generelle råd til ei heil befolkning.

– Men eg har inntrykk av at vi ligg godt an samanlikna med mange andre nasjonar, seier forfattaren – som svarer slik på om han er optimist eller pessimist akkurat no:

– Eg er nok av natur ekstremt optimistisk, men eg held meg jo til fakta, og dei viser jo at ting ligg an til å bli mykje verre før dei blir bra igjen. Men som Winston Churchill sa: «I am an optimist – it does not seem much use being anything else.»

Les også: Flyktninghjelpen fryktar diskriminering i beredskapen mot koronaviruset