No syng artistane heller om «pain» og «sorrow» enn «love» og «joy»

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To britiske forskarar har granska 50 år med popmusikk, og resultata tilseier at musikken har vorte tristare.

Det skriv Forskning.no.

Det har vorte færre muntre låter som The Beatles sin «Love me do» (1958) og fleire mørke songar som fjorårets Ellie Goulding-låt «Hate Me».

Love/hate

Forskarane har granska tusenvis av låtar for å kunne seie noko om kva kjensler som vert uttrykt i songtekstane.

Ved hjelp av ei datamaskin som sorterer orda nytta i låtar, har dei to forskarane gått gjennom den amerikanske topplista Billboard Hot 100 frå år 1965 til 2015, samt 150 000 engelskspråklege sangtekstar på nettstaden Musixmat.

Ei av dei store trendane i popmusikk er at det vert meir negativt ladd kjensleinnhald, og mindre av det positive, ifølgje forskarane.

Av dei kring 30 000 orda som utgjer sangane på Billboard-lista var kring 450 av desse i 1965 knytt til negative kjensler. I 2015 er talet nesten dobla, til over 700.

Bilete frå artikkelen «Cultural evolution of emotional expression in 50 years of song lyrics» av Charlotte O. Brand, Alberto Acerbi og Alex Mesoud. Tilgjengeleg her.

Medan ordet «hate» knapt vart brukt i songar før 1990, dukkar det no opp mellom 20 og 30 gongar kvart år i songane på Billboard-lista.

Samstundes har bruken av ordet «love» vorte halvert på dei 50 åra, endå det framleis er langt hyppigare i bruk enn sin meir dystre motpart. Frå rundt 400 gongar til 200 gongar.

Usikkert kvifor

Forskning.no skriv at andre studiar har fått tilsvarandre resultat: Både at færre songar kan kategoriserast som «lukkelege» no, og fleire som «triste», og at songar som når Billboard-lista gjerne vert sunge saktare og i djupare toneart.

Også hjå sjerneskotet Billie Eilish er den djupe tonearten og triste songar framtredande: 

Kvifor det er slik, har forskarane likevel ikkje noko klårt svar på.

Ei mogeleg forklaring kan vere at menneske har ein tendens til å hugse negativ informasjon betre enn positiv, og at ein difor lettare vidareformidlar det.

Chris Holsten. Foto: NORA CREATIVES/Presse