Fotballforbund i Storbritannia forbyr barn å heade ballen på trening 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

At unge spelarar ikkje får lov til å nikke ballen på trening, kjem fram av nye retningslinjer frå fotballforbunda i England, Nord-Irland og Skottland.

Det skriv fleire engelske medium måndag, mellom anna Sky Sports.

Dei tre forbunda sende måndag ut ei felles fråsegn. Der refererer dei til Field-studien som viser at tidlegare fotballspelarar har tre og ein halv gong så høgt sannsyn for å døy av hjerneskadar som folket elles.

– Forskinga vår viser at headingar sjeldan skjer blant yngre spelarar, så forbodet er ein ansvarleg måte å utvikle trening på grasrotnivå, utan å ta gleda i spelet frå barna, seier FA-topp Mark Bullingham.

I fråsegna heiter det òg at barn under 12 år ikkje skal heade ballen på trening, for så å få ei gradvis tilnærming fram til 16-årsalderen. I kampsituasjonar vil det ikkje vere noka endring, sidan det er eit ekstremt få headingar i barne-/ungdomskampar.

Field-studien har ikkje slått fast at heading av ball er årsak til større utbreiing av nevrodegenerative forhold blant fotballspelarar, men avgjerda er tatt for å minimere risikoen, opplyser FA.

Negative haldningar på utanfor banen inspirerer Isabelle Arthur (16) og lagvenninnene i Central California Soccer Alliance til å kjempa hardare. Foto: Andrea Nøttveit