Viaplay-serien «Delete Me» tek føre seg ein sexvideo på ville vegar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har sjølv vakse opp med sosiale medier og kjent på kva kraft det har om ein ikkje er bevisst på det, seier Thea Sofie Loch Næss i ei pressemelding frå Nordic Entertainment Group.

I går kunne VG avsløra at hovudrolleinnehavaren «endret stil for ny serie», sidan skodespelaren frå Kristiansand har fått ny sveis for hovudrolla i Viaplay-serien.

Same dag avslørte designar og smykkegründer Alva Brosten, som mellom anna er kjent frå NRK sin realityserie This is it, på Instagram stories at ho har ansvar for kostyma i serien.

Serien er under innspeling i Oslo fram til slutten av mars. Første sesong består av sju episodar og får premiere på Viaplay i desember i år.

Stilforandringa til hovudrolleinnehavar Thea Sofie Loch Næss har allereie skapt overskrifter. Designar Alva Brosten har ansvar for kostyma i serien. Foto: Nicolas Peyrau

Ei fiktiv verd med russepress og sosiale medier

Ifølgje pressemeldinga er historia i Delete Me lagt til «en fiktiv verden hvor ingenting er viktigere enn russetiden, og sosiale medier bestemmer reglene».

Serien handlar om ein sexvideo på avveie og ein hackar på hemntokt.

I tillegg til Loch Næss er norsk-svenske Amalia Holm og Heimebane-favoritt Axel Bøyum også med i serien.

Også svenske Happy Jankell, kjent frå mellom anna ungdomsserien Postkod 1321, har ei rolle i serien. På Instagram skriv 26-åringen at ho gler seg til å vera ein del av ein så spanande og viktig serie saman med mange «norska power jenter»:

Karpe-regissør brenn for temaet

Serien vert produsert av Einar Film, og filmskapar Marie Kristiansen er drivkrafta bak prosjektet. Ho har tidlegare regissert fjerde sesongen av NRK-serien Unge Lovende og den Spellemannsvinnande musikkvideoen til Karpe-låta Hvite menn som pusher 50.

Regissøren forklarar at serien skildrar presset unge jenter må leve med kvar einaste dag.

­– Det er eit tema eg brenn for, og noko eg meiner media ikkje set nok søkelys på. Meir enn noko ønskjer eg å vise kor vanskeleg det er å utfordra normen, og den enorme påverknadskrafta internett har på unge menneske i dag, seier Kristiansen i pressemeldinga.

Ho håpar og trur serien kan fengja internasjonalt.

Også hovudrolleinnehavar Loch Næss, som har gjort suksess både i Noreg og internasjonalt, håpar at serien kan treffa ei nerve i samfunnet.

– Noko av det viktigaste vi kan gjere som skodespelarar er å kommentere samfunnet vi lever i gjennom kunsten, og forhåpentlegvis vere med å endra det til det bedre.

Serieskapar Marie Kristiansen håpar presset som møter karakterane i Viaplay-serien «Delete Me» òg kan fengja eit internasjonalt publikum. Foto: Nicolas Peyrau