Selma (16) og Andrea (17) syng på Grammy-vinnande album

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blei ikkje glad då eg fekk vite det, for det gjekk ei stund før eg skjønte at det var sant, seier Selma Mogstad Leerand.

Ho har vore del av Nidaros jentekor i sju år, medan vennina Andrea Eidsvåg har vore med i åtte.

– Vi har ei gruppe på Facebook med alle i koret i tillegg til foreldre. I dag tidleg var det ein av fedrane som la ut eit innlegg kor han gratulerte oss med Grammy. Eg tenkte det berre var tull, seier Eidsvåg.

Krevjande øving

Saman med Trondheimsolistene og Anita Breivik har Nidarosdomens jentekor gitt ut albumet Lux. Natt til måndag vann lydteknikaren på albumet, Morten Lindberg, Grammy-prisen «Best Immersive Audio Album» for utgjevinga.

– Det var tidkrevjande og stort fokus på kvalitet. Vi spelte inn små strofer om igjen og om igjen, nokre gongar måtte vi repetere dei 20 gongar, seier Leerand om innspelinga.

Nidarosdomens jentekor. Foto: Jentekor.no

Både Selma Mogstad Leraand og Andrea Eidsvåg har vore med på albuminnspeling før.

Trass i at Morten Lindberg har vore nominert til Grammy fleire gongar før, hadde dei ikkje sett føre seg at albumet dei sjølv var med på skulle bli nominert, og ikkje at det skulle vinne.

Grammy-utdelinga skjedde i USA natt til måndag. Selma Mogstad Leraand var ikkje vaken for å sjå prissermonien.

– Eg hadde ikkje sett føre meg at vi skulle bli nominert, og vertfall ikkje at vi skulle vinne. Då eg vakna i dag tidleg såg eg oppslaget på Adressa.no og berre «what?», seier Leerand.

Historisk tenåring

Det var ikkje berre tenåringane frå Trondheim som gjorde det godt under den 62. Grammy-utdelinga.

18 år gamle Billie Eilish blei den store vinnaren denne kvelden. Ho fekk fem Grammy-prisar, der fire av dei var i dei såkalla «fire store»-kategoriane, som er årets låt, årets plate, årets album og beste nye artist. Eilish vann òg prisen for beste popvokal-album.

Den amerikanske tenåringen vart såleis historisk, som den yngste personen noko sinne til å hente heim prisen for årets album.

Sigrid vert sensurert vekk på iransk musikkside.