Dette er kvinnene som først protesterte mot Harvey Weinstein

I ei tid då «alle» takka Harvey Weinstein med Oscar-statuetten i handa var det nokre som protesterte i det stille, og éi som tok bladet frå munnen før alle andre.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag starta juryen, som består av fem kvinner og sju menn, diskusjonane etter rettssaka der Harvey Weinstein står tiltalt for overgrep mot to kvinner – ei valdtekt i 2013 og eit tilfelle av tvungen oralsex i 2006.

Filmmogulen har ifølgje The Guardian vorte skulda for seksuell trakassering av 105 kvinner, men i rettssaka i New York var det desse to sakene som vart prøvd. I tillegg var fire andre kvinner, som har skulda Weinstein for liknande overgrep, innkalla som vitne.

Nest mest takka i Oscar-talane

Filmprodusenten Harvey Weinstein og broren Bob Weinstein grunnla produksjonsselskapet Miramax Films. I kraft av dette arbeidet var Harvey lenge eit av dei hyppigaste namna som vart nemnt under Oscar-talane.

Disney kjøpte selskapet allereie i 1993 og i 2005 forlot Weinsteinbrørne selskapet for å starta The Weinstein Company.

Ifølgje ein gjennomgang gjort av Vocativ i 2015 var Harvey Weinstein sitt namn hyppigare nemnt enn Gud, men sjeldnare enn Steven Spielberg.

Men: det var før oktober 2017 – då The New York Times og The New Yorker først sprakk historia om Harvey Weinstein ved hjelp av mellom andre skodespelar og #metoo-føregangskvinna Rose McGowan.

Gwyneth Paltrow takka Harvey Weinstein i talen sin då ho fekk Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for Shakespeare in Love i 1999.

Då historia om Weinstein sprakk i 2017 var ho ifølgje journalistane først redd for å uttala seg offentleg, men vart ei viktig kjelde som òg oppmoda andre til å stå fram.

Kort tid etter at historia sprakk stod Paltrow fram i The New York Times og fortalde at Weinstein hadde seksuelt trakassert ho og åtvara ho om å ikkje seia det til nokon etter at hennar dåværande kjærast Brad Pitt konfronterte filmmogulen.

Kate Winslet

Då Kate Winslet i 2009 tok imot prisen for beste kvinnelege skodespelar for innsatsen sin i The Reader hadde ho mange personar å takka, men utelét Harvey Weinstein bevisst.

I ettertid har ho fortalt at ho fekk beskjed om å hugsa å takka Weinstein dersom ho vann, men utelét han fordi ho ikkje syntest han oppførte seg fint.

Winslet opplevde ikkje sjølv seksuell trakassering, men kalla filmprodusenten frekk, mobbande og ufyseleg.

Då nyheita sprakk var Winslet ein av dei første kvinnene utover dei som først stod fram, som uttala seg.

– Det faktum at eg aldri må forhalda meg til Harvey Weinstein igjen så lenge eg lever er noko av det beste som nokonsinne har skjedd, og eg er sikker på at kjensla er universal, sa Winslet til LA Times i 2017.

Brenda Fricker

Den irske skodespelaren fekk i 1990 prisen for beste kvinnelege birolle for sin innsats i My Left Foot.

Trass i at filmen sin Oscar-suksess var mykje takka vere Harvey Weinstein namnga ikkje Fricker produsenten i sin tale.

Då skuldingane mot Weinstein kom fortalde skodespelaren til avisa The Sun at ho ikkje var overraska i det heile.

– Du treng berre sjå på han, sitja ved sida av han, for å føla det eg følte: eit fysisk ubehag og lyst til å flytta deg, sa Fricker i 2017, og la til:

– Eg var eldre. Ikkje hans type, men eg såg nokre veldig unge jenter rundt han og vart instinktivt uroleg for dei.

Mira Sorvino

Den amerikanske skodespelaren Mira Sorvino fekk i 1996 Oscar for beste kvinnelege birolle i Woody Allen-filmen Mighty Aphrodite.

Ho takka regissøren, men ikkje Weinstein, som hadde vore med å promotert filmen:

Sorvino er ei av kvinnene som seinare har fortalt at ho vart seksuelt trakassert av Weinstein.

Ho fortalde til The New Yorker at Weinstein byrja å massere ho på eit hotellrom under filmfestivalen i Toronto året i førevegen, men ho klarte å kome seg unna. Weinstein tok seinare kontakt og inviterte seg heim til skodespelaren, men reiste då ho fortalde at kjærasten hennar var på veg. I realiteten var det ein ven ho hadde bede om å kome, fordi ho frykta å vere åleine med filmprodusenten.

Cate Blanchett

Også australske Cate Blanchett styrte unna Harvey Weinstein under takketalen ho heldt då ho i 2005 fekk Oscar for beste kvinnelege birolle i The Aviator:

Hollywood-stjerna har jobba i ei rekkje filmar Weinstein har produsert. I 2018 avslørte ho overfor Variety at filmprodusenten hadde oppført seg upassande også mot ho, men ville ikkje gå inn på detaljar.

Ho var likevel klinkande klår på at ho håpa Weinstein vart dømd.

– Sist gong eg sjekka var statutory rape (journ.anm: sex med ein mindreårig) ei kriminell handling.

Melissa Leo

Amerikanske Melissa Leo fekk i 2011 Oscar for beste kvinnelege birolle i The Fighter, men unnlot å nemna filmprodusenten i takketalen sin. Ho har ikkje kommentert anklagene offentleg:

Jennifer Lawrence takka i ettertid

Heller ikkje Jennifer Lawrence takka Harvey Weinstein i talen sin då ho i 2013 fekk Oscar for beste kvinnelege hovudrolle i Silver Linings Playbook. Det viste seg å ikkje vere tilsikta, då skodespelaren dagen etterpå kom med ei skriftleg retting.

Jennifer Lawrence fekk Oscar for si tolking av karakteren Tiffany i Silver Linings Playbook. Foto: The Weinstein Company

Eit anna offer har fortalt at Weinstein har skrytt av å ha hatt sex med Lawrence og sagt:

– Eg låg med Jennifer Lawrence og sjå kor ho er no; ho har nettopp vunne ein Oscar.

Lawrence har uttrykt støtte med offera, men nektar for at ho har vore utsett for upassande oppførsel frå Weinstein.

Courtney Love

Musikar og skodespelar Courtney Love er kanskje aller mest kjent for sitt forhold til Nirvana-vokalisten Kurt Cobain.

Ho åtvara mot Weinstein på den raude lauparen under eit Comedy Central show allereie i 2005 og var slett ikkje like stille som resten av bransjen:

Bob Weinstein

På slutten bør det nemnast at også broren og forretningspartnaren til Harvey Weinstein, Bob Weinstein, tok eit oppgjer med broren i det stille to år før nyheita sprakk.

Sin City-medregissør Robert Rodriguez står i midten med Harvey Weinstein til venstre og Bob Weinstein til høgre. Bob Weinstein har forklart at han visste broren var utru mot kona og trudde han var sexavhengig. Foto: AP Photo/Chris Pizzello

I boka She Said: Breaking the Sexual Harassment Story That Helped Ignite a Movement har New York Times-journalistane Jodi Kantor og Megan Twoheys sitert eit brev der Bob tek eit knallhardt oppgjer med Harvey.

I brevet som òg er sitert i The New York Times legg Bob Weinstein lite i mellom og skriv mellom anna:

«Du har brakt skam over familien og selskapet med din oppførsel. Nok ein gong var din reaksjon å skulde på offeret, eller å minimere din eigen oppførsel på forskjellige måtar. Om du faktisk meiner at det ikkje er noko gale med oppførselen din, så fortell det til kona di og familien din», skreiv broren til Harvey Weinstein.

Kort tid etter at saka sprakk fekk Harvey Weinstein sparken frå styret i The Weinstein Company. Det konkursråka selskapet inngjekk ved utgongen av 2019 eit forlik der dei måtte betala ut 25 millionar dollar til over 30 kvinner.

Tarana Burke er kjent som den eigentlege grunnleggaren av Me Too-rørsla. Ho er leiar for Just Be Inc. Foto: Just Be Inc.