Disney fjernar «tabbe» frå Toy Story 2 etter #metoo
Ei ekstrascene der Stinky Pete oppfører seg upassande ovanfor Barbie-dokker er fjerna.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Animasjonsstudioet Pixar har for vane å leggje til ekstra «tabbar» som skal ha vore gjort under «innspelinga» med karakterane.
I forkant av Toy Story 4, som hadde verdspremiere 11. juni, lanserte Disney alle dei tre første filmane i 4k-oppløysing.
Desse versjonane inneheld alle «tabbane» unntatt éin. I scenen som er teken bort vart gullgravar-dokka Stinky Pete teken på fersken av cowboy-dokka Woody på «bakrommet» med to identiske Barbie-dokker.
Les også: Star Wars-kvinnene kler av seg makta
Weinstein og Lasseter
«Eg er sikker på at eg kan skaffa dykk ei rolle i Toy Story 3,» seier Stinky Pete medan han tek handa til den eine Barbie-dokka.
Endringane vart først omtalt av nettstaden Rerelease News, som vart merksam på endringane gjennom brukarar på ulike internettforum.
Ein Reddit-brukar kommenterer at endringa kan skuldast assosiasjonane til Harvey Weinstein og John Lasseter.
Sistnemnde har vore med å skriva alle fire Toy Story-filmane og regisserte dei to første. I fjor kom nyheita om at Lasseter måtte gå frå Disney etter skuldingar om upassande åtferd mot medlemmer av staben.
Les også om Tarana Burke, kvinna bak metoo-rørsla:

Tarana Burke er kjent som den eigentlege grunnleggaren av Me Too-rørsla. Ho er leiar for Just Be Inc. Foto: Just Be Inc.