Darling West om bilkøyring, legender og den amerikanske draumen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På norsk heimebane er duoen Darling West for lengst blant americanayndlingane – i front som dei var for den nye bølgja med denne musikken som har gitt ein hærskare sterke, norske artistar.

Men dei ville ut – til eit publikum som umiddelbart forstod tekstane, til det forjetta americanaland. Kanskje kan det samanliknast med å frakte sand til Sahara, men det stoppa ikkje det musikalske ekteparet.

– Når ting verkar håplaust, er det berre å prøve, seier Mari Sandvær Kreken.

Legende i studio

Eigentleg forklarer ho kvifor Darling West, duoen som no er ho og ektemann Tor Egil Kreken, har kalla fjerdeplata si for «We’ll Never Know Unless We Try».

– Det gjeld både oss sjølve, og dei meir universelle og generelle spørsmåla.

Dei siste to åra har dei hatt tre såkalla «headlinerturnear» i USA, og køyrt over tusen mil i bil. Dei har skaffa seg gode, amerikanske kontaktar – noko som førte til at dei brått sat i studio med musikklegenda Barry Goldberg og spelte inn ein song til ei Neil Young-hyllestplate.

I januar gjesta Darling West TV-programmet «Today in Nashville», og dei har vorte spelte på fleire amerikanske radiokanalar.

No ligg deira nye langspelar på 29.-plass på americanalista og 1.-plass på «contemporary folk» på amerikanske radiolister, ifølgje plateselskapet Jansen Records.

På leit i New Mexico

– Vi har bygd stein på stein. No føler vi det skjer noko, vi får respons og meir radiospeling enn sist, seier Tor Egil Kreken, og vedgår at USA «virket mindre» då dei starta. Han snakkar både biletleg og fysisk: For musikarparet har køyrt på kryss og tvers, og Mari Sandvær Kreken seier at det tok dei ut av komfortsona.

– Alle er ikkje som dei vi møtte i Nashville. Det er eit så delt folk, alle lever i eigne verkelegheiter. Og det å køyre i New Mexico og håpe vi snart fann ein bensinstasjon… minnest ho.

– Det kjennest tryggare å køyre Gudbrandsdalen, fastslår Tor Egil Kreken.

Etter å ha konsentrert seg om det amerikanske publikummet i forkant, skal Darling West spele seg Noreg rundt i mars. Er det nokon forskjell?

– Vi syng på førstespråket til amerikanarane, dei får med seg teksten med éin gong og kan snakke med oss om han i etterkant. Dette er historieforteljing i songtradisjonen deira, der teksten kjem først. Men det norske publikummet vårt er veldig lojalt, så ikkje eit vondt ord om dei, understrekar dei to.

Bilkøyring inspirerer nye låtar

All bilkøyringa – både i USA og på turné i Noreg – gjer dei bokstaveleg tala samkøyrde når låtane skal skrivast. Det er det han som gjer, medan ho står for musikken.

– Det er òg eg som skal formidle teksten, så eg må vilje synge han, seier Mari Sandvær Kreken. Ektemannen seier han nokre gonger lurer på om det han har skrive vil falle i smak, særleg når han startar frå scratch, men då påpeikar ho:

– Når vi køyrer er vi heile tida veldig nære kvarandre og snakkar om livet og det vi opplever. Det er sjeldan det kjem overraskande tematikk, ofte kan ein låt vere produktet av noko vi snakka om månaden før.

Denne gongen har Darling West kjent på sitt eige tilvære når dei nye songane vart til, sjølv om ikkje alle handlar om dei. Det vart både poplåtar og balladar. Singelen «Hey There» er A-lista på NRK P1, og gir eit fint bilde av den nye vegen som Darling West er inne på.

Dei er Darling West: Tor Egil Kreken og Mari Sandvær Kreken har slått seg opp med americanamusikk – og jobba mot USA. I mars ventar ein stor norgesturné, i kjølvatnet av fjerdealbumet «We’ll Never Know Unless We Try». Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

Ein høyrer på Kåre

Som produsent gjekk Kreken-paret nemleg til popprodusenten Kåre Christoffer Vestrheim, kjent for det han har gjort med Marit Larsen, Highasakite og Odd Nordstoga.

– Vi er litt glade i å leike med sjangergrenser. Utanom Darling West har vi spelt mykje annan musikk, og det er frigjerande å jobbe med ein produsent som ikkje er forankra i americanatradisjonen. Eg er veldig glad i denne knaggen, men det er ukomfortabelt om eg føler at det finst grenser. Eg vil utforske vidare, føle meg fri, seier Mari Sandvær Kreken.

Begge to ler og seier «man hører på Kåre», som hadde klare meiningar.

– Det liker eg! ler Tor Egil Kreken, som også trur at lydbiletet som Vestrheim og teknikar Mike Hartung skapte i Propeller-studioet gav innspelinga ein kvalitet som gjorde at radiokanalane i USA lettare snappa på låtane deira denne gongen.

No skal Darling West-paret øve inn dei nye låtane frå «We’ll Never Know Unless We Try» til den store noregsturneen, der dei både stiller som duo, trio – med trommeslagar, og med fullt band.

– Det er eit privilegium å få reise saman og spele og ha eit felles prosjekt som vi er likestilte i, seier Mari Sandvær Kreken.

Eva Weel Skram og Thomas Stenersen på Falturiltu 2019. Foto: Jørgen Westerheim, Rebecca W Irgens, Mathias Bjørhovde, Sophie Stavland, André Turøy

Darling West

  • Norsk americanaband, grunnlagt 2014.
  • Består av: Tor Egil Kreken, bassist og gitarist kjent frå band som mellom anna Shining, og som også har spelt med Marit Larsen, Sigvart Dagsland og Odd Nordstoga, og Mari Sandvær Kreken, vokalist og gitarist.
  • Diskografi: «Winter Passing» (2014), nominert til Spellemann – «Vinyl and a Heartache» (2016), vann Spellemann i countryklassen – «While I Was Asleep» (2018) – «We’ll Never Know Unless We Try» (2020).
  • Norsk turné startar 4. mars i Trondheim og blir runda av i Asker 1. april etter 13 konsertar.