Desse fire knivar om Tarjei Vesaas’ debutantpris

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Kjersti Halvorsen (26), Michael Rindahl (28), Erlend Skjetne (31) og Hanna Stoltenberg (30) som er inne i nominasjonsvarmen, melder Den norske Forfatterforeningen.

Prisen, som vart oppretta i 1964 av Tarjei Vesaas, med pengane han fekk då han vart tildelt Nordisk råds litteraturpris, blir offentleggjord søndag 22. mars.

Prisen skal gå til beste skjønnlitterære debutant under 35 år.

To av dei nominerte høyrer til i Gyldendals stall: Det er Michael Rindahl frå Vesterålen (fødd i 1991), som debuterte med romanen «Gammelgresset» – og dessutan Hanna Stoltenberg frå Oslo (fødd i 1989) – som har gjort seg gjeldande med romanen «Nada».

Omslag: Flamme, Gyldendal, Cappelen Damm, Gyldendal

Cappelen Damm har ein kandidat, nemleg Kjersti Halvorsen (fødd i 1993), som kom ut med debutromanen «Ida tar ansvar» i fjor. Medan Flamme forlag er forlaget til Erlend Skjetne (fødd i 1988), som har debutert med diktsamlinga «Skare».

I fjor vann Lars Svisdal, for debutromanen «Seg til inkjes».

«I bokhylla» inviterte «Rosehagtornen»-forfattar Helga Songøygard Battin Kjersti Halvorsen på middag. Les meir om hennarfavorittar her!

Ane Barmen hugsar godt augeblikket ho først fekk sjå si eiga bok: – Eg sat på jobb, og fekk melding frå redaktøren om at «no er ho her». Eg slapp alt, og pilte herifrå Solli til Gyldendalhuset. Eg fekk boka i hendene, og hylgrein. Foto: Bente Kjøllesdal