I bokhylla: Sjukdom og død gjorde inntrykk på Helga Songøygard Battin i tenåra

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.02.2020 09:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bibliotekar, blomsterforhandlar og no forfattar Helga Songøygard Battin (30) debuterer i desse dagar med «Rosehagtornen» på Samlaget.

Ifølgje sin eigen statistikk las bokentusiasten 49 bøker i 2019.

Me har spurt bokdebutanten om hennar eigne lesevanar i vår nye bokspalte:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Eg har ikkje nattbord lenger etter at vi flytta til nytt hus, men «Meieriet» av Mette Karlsvik ligg på kjøkkenbordet. I senga les eg ebøker på mobilen. Nå held eg på med «Frøken Smillas fornemmelse for snø» av Peter Høeg.

Kva bøker les du helst?

Samtidslitteratur av norske forfattarar er nok det eg helst vel for tida, sjølv om eg eigentleg liker å lese variert. For eksempel las eg nyleg «Tristan og Isolde» (Joseph Bédiers versjon) for å finne ut om det var sant at dette var «den originale Romeo og Julie». Konklusjonen er at eg liker Shakespeare betre, men det var likevel verdt den undersøkande lesinga. Det er ofte spennande å lese ei bok som nokon eg kjenner har anbefalt.

Kor les du?

Ved kjøkkenbordet, i sofaen, på busstur, og i senga.

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

Far min las alt mogleg for meg frå eg var lita til eg var tenåring, spontanomsett, ofte frå engelsk, til «førsdalsdialekt». Eg har ei bestemor i USA som sende oss barnebøker, som Harry Potter-bøkene av J.K. Rowling, «Harriet the Spy» av Louise Fitzhugh, Dr. Seuss-bøker, Berenstain Bears-bøker av Stan og Jan Berenstain. Mor mi las mellom anna Pippi Langstrømpe-bøker som ho hadde hatt stor glede av då ho var lita. Elles lånte vi mykje forskjellig på biblioteket, som for eksempel bøker av Tove Jansson og Roald Dahl.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

«I et speil, i en gåte» av Jostein Gaarder gav eit sterkt inntrykk. Eg las mange skumle bøker med overnaturlege element, men det å lese om sjukdom og død gav nok eit djupare inntrykk. Eg las også ei bok om ei jente som var smitta av spedalsksjuke på 1700-talet og vart sendt til ein institusjon for å døy, men eg hugsar ikkje verken tittel eller forfattar.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Kanskje «Hunger Games»-bøkene av Suzanne Collins. Ungdomsbøker som tar opp viktige tema som urettferdig, skeiv fordeling av gode og makt kan nå langt.

«Hunger Games»-forfattar Suzanne Collins si historie om Katniss Everdeen har gjort stor suksess både som bøker og film. Foto: David Shankbone

Kva meiner du gjer ei bok god?

Ei bok som engasjerer lesaren og vekker ein eller annan form for kjensler, må eg rekne som god. Eg liker godt når bøker eg les får meg til å tenke nye tankar.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Det har eg ikkje tenkt mykje på. Eg kan ikkje seie at eg har lese om nokon karakter og tenkt at «det der kunne vore basert på meg». Kanskje eg ikkje les bøker på det viset, at eg heller alltid tenker at det handlar om nokon andre.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Eg liker best å ha middagsgjestar eg kjenner, så då ville eg gjerne invitert Kjersti Halvorsen («Ida tar ansvar», 2019). Ho er alltid hjarteleg velkommen.

Forfattar Kjersti Halvorsen har også gått Forfattarstudiet i Bø og debuterte i fjor. Foto: Anna-Julia Granberg/BLUNDERBUSS

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Då trur eg at eg ville slutta å lese bøker og mista leselysta. Eg treng mangfald. Men eg kunne ha halde ut lenge med Ingrid Z. Aanestad.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Eg lurer på om Sofie Frost kunne passa godt til rolla.

Om du ikkje kjenner Sofie Frost, kan du ta ein titt på slampoesien hennar her:

https://www.youtube.com/watch?v=S2zPBi4C4dY

Helga Songøygard Battin

Alder: 30

Frå: Bur no i Mo i Tokke, oppvaksen i Fyresdal

Yrke: Utdanna bibliotekar, men jobbar i blomsterbutikk