Miljømerket «Grøn Festival» skal gjera norske festivalar meir miljøvenlege

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 26.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Festivalane er årets høgdepunkt i mange byar og bygder.

Men ein typisk norsk festival har eit stort forbruk av eingongsplast og bak scenen spyr dieselaggregat ut eksos i takt med lysshowet og musikken.

Etter festivalane ligg det igjen tonnevis med søppel på bakken.

– Blitt større enn me tenkte

No har kompetansesenteret for musikklivet i Vestland, Brak, utarbeidd miljømerket «Grøn Festival» som guidar festivalane til å ta gode val for klimaet og miljøet.

– Fleire festivalar er interesserte i å bli med, seier prosjektansvarleg i Brak, Elise Hessevik.

– Det har blitt større enn me tenkte. Målet vårt er at det skal bli nasjonalt, seier dagleg leiar Vegard Moberg til Framtida.no.

Elise Hessevik og Vegard Moberg i Brak har utarbeidd dei nye krava til festivalar som vil kalla seg grøne. Foto: Svein Olav B. Langåker

Kutta utslepp tilsvarande 300 flyreiser med eitt tiltak

Festivalen Utkant i Skjerjehamn, heilt ytst i Sognefjorden, har vore ein ressurs for arbeidet med Grøn Festival.

– Det var veldig lærerikt, og me har lært oss sjølv betre å kjenna. No ser me ting med nye auge, fortel festivalsjef Viggo Randal på telefon til Framtida.no.

Festivalen samlar hundrevis av båtar under kvar festival, men har hatt problem med å skaffa nok landstraum. Derfor må mange av båtane bruka motorane sine til å lada batteripakkane sine.

I fjor investerte Utkant i ny landstraum som tåler langt høgare belastning.

Dette enkelttiltaket sparte 77 tonn COpå eitt år – noko som tilsvarer over 300 flyreiser tur/retur Oslo-Bergen.

Fleire hundre båtar kjem innom Utkant i Skjerjehamn. Med betre kapasitet på landstraum sparer festivalen 77 tonn CO2 kvart år. Foto: Utkant

Gratis sertifiseringsordning

Grøn Festival blei til etter at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane opplevde å få mange søknader om støtte til miljøtiltak, men med varierande kvalitet på søknadene.

Sparebankstiftinga tok derfor initiativ til at Brak kunne leia arbeidet med å hjelpa festivalane til å ta betre val for klimaet.

No er Grøn Festival klar som ei gratis sertifiseringsordning for festivalar.

– Det som òg er viktig med Grøn Festival er at det også berre kan fungera som ein ressursbank viss du lurer på noko. Du treng ikkje få miljømerket viss det ikkje passar for deg, understrekar Vegard Moberg i Brak.

Sjekklista som Brak har utarbeidd har fem deler:

  1. Energi: Arrangementa skal driftast på energi frå fastnett.
  2. Transport: Det skal leggjast opp til at publikum kan reisa kollektivt, sykla eller gå. Interntransport skal så langt som råd gjenomførast med køyretøy som har nullutslepp eller lågt utslepp, og det skal aktivt jobbast for å minska utslepp frå reisa til artistane.
  3. Innkjøp: Arrangementa skal velja miljøsertifiserte leverandørar og minimera ting som blir gitt vekk gratis.
  4. Mat og servering: tilby vegetaralternativ alle serveringsstader, oppmoda leverandørar til å levera klimavenlege og økologiske menyar, plastfri matservering, fleirgongsglas.
  5. Avfall: Kjeldesortering i minst tre ulike sorteringar.

Øyafestivalen sorterer boset sitt i over 16 ulike sorteringar. Foto: Brak

Flau over dieselaggregat

Grøn Festival blei nyleg presentert på bransjefestivalen «100 dagar», og hausta stor interesse.

Steinar Liadal ved Den festivalen i Vangen i Haugesund er ein av festivalsjefane som helsar Grøn Festival-merket velkommen.

– Det er med ein viss flauheit, for rundt om kring på festivalområdet vårt så surrar og går dieselaggregat under festivalen vår. Ein ting er at dei spyr ut svart eksos, men dei bråkar og er til sjenanse for gjestene våre.

Han vil sjå nærmare på kva som er gjennomførbart av tiltaka som blir føreslått i Grøn Festival.

– Me kan ikkje ta alt på ein gong. Me må starta i det små for me er ein liten festival med små midlar.

I fjor tok festivalen i bruk fleirgongsglas, men dei jobbar enno med å få på plass ei løysing for vasking av desse. I fjor blei dei delt ut som suvenirar til dei som deltok.

Øyafestivalen har inspirert arbeidet med Grøn Festival. På Øyafestivalen får Natur og Ungdom betalt for å rydda og sortera bos. – Dobbelt effekt for miljøet, seier Elise Hessevik i Brak. Foto: Brak

Lokalmat og retur av drikkebeger

Dagleg leiar Marthe Kristensen og salsjef Christoffer Kobbeltvedt i Fjordfolk som arrangerer Folk & Fjord-festivalen. Foto: Fjordfolk

Folk & Fjord-festivalen i Os er den første festivalen som har gått gjennom krava til Grøn Festival.

– Me ber miljømerket med veldig stoltheit, seier Christoffer Kobbeltvedt i den nystarta festivalen på telefon til Framtida.no.

– Grøn Festival er ein utruleg bra guide, og den har vore med på å forma korleis me vil ha festivalen.

Mellom anna har dei inngått avtale om retur av drikkebeger og maten blir utelukkande frå lokale produsentar.

Festivalen ser òg på korleis berekraft kan bli ein del av innhaldet i festivalen.

Skular i Os er invitert til å bli med på eit kunstprosjekt der dei er med på strandrydding og lagar kunst av det dei finn.

Tysnesfest er ein av dei største festivalane på Vestlandet. Her frå «Døds challenge» i 2019. Foto: Camilla Korsnes, etter løyve frå Tysnesfest

– Me har veldig lyst, men det er veldig utfordrande

Tysnesfest er ein av dei største festivalane på Vestlandet, og har i fleire år jobba for ulike miljøtiltak. Mellom anna har dei ein eigen båt som plukkar søppel i sjøen og langs strender, og dei prøver å sortera boset mest mogleg.

Irene Dalland i Tysnesfest seier dei vurderer å skifta til gjenbruksglas. Foto: Privat

Irene Dalland i Tysnesfest seier ho synest Grøn Festival høyrest utruleg interessant ut.

– Me har mange av punkta i sjekklista i boks, så det er ikkje utenkeleg at me skal kunne dra det i land allereie i år. Det får vera eit mål for oss.

Festivalen fekk fleire tilbakemeldingar i fjor frå publikum etterlyste fleire miljøtiltak, blant anna når det gjeld resirkulering.

– Skulle me brukt fat og glas som skal i bioboset, så må anlegget opp i ein sånn temperatur at me kan handtera det, men det har me ikkje her, seier Irene Dalland og legg til:

– Me har veldig lyst, men det er veldig utfordrande.

Trur det vil bli meir krav til miljøtiltak

Eirin Sandstad ved Mablis i Stavanger synest Grøn Festival er eit veldig bra tiltak.

– Som ein liten festival er det ikkje alltid like lett å finna ut korleis ein skal gå fram og få det totale overblikket på kva me faktisk kan gjera. For det er veldig mange ting ein må tenkja på – alt ifrå å ikkje bruka regnponchoar til festivalbandet rundt armen.

Mablis ønskjer å bli miljøsertifisert og vil sjå om dei no kan få merka av flest i sjekklista til Grøn festival.

Vegard Moberg i Brak trur det vil bli fleire som set krav til miljøtiltak når dei skal gi støtte til festivalane, og peikar på at Kulturrådet for første gong no i haust har lagt inn midlar til miljøtiltak i musikklivet.

– Dette kjem til auka at det vil vera midlar merka til dette, seier han.

Unge Ferrari og Sigrid er med på «The green rider» for å krevja miljøtiltak frå festivalar. Foto: Pressefoto