Då eg var 20: Hans-Wilhelm Steinfeld sveitta av spenning etter å ha lese Brødrene Karamazov

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bergensaren Hans-Wilhelm Steinfeld er ein av Noregs mest kjente journalistar.

Han var tilsett i NRK frå 1976 til 2014, og var statskanalens “Russlandekspert” med fire periodar som Moskvakorrespondent: 1980-1984, 1988-1994, 2000-2003 og 2010-2014.

I den tida rapportere han frå Sovjetunionens fall, og intervjua Boris Jeltsin under det forsøkte statskuppet i 1991.

Sidan skilsmissa med NRK i 2014 har han jobba i eiget kommunikasjonsbyrå, og frå denne våren av startar han sitt eiget føretak.

Som 20-åring var Hans-Wilhelm ein ivrig student, som møtte tidleg på lesesal, engasjerte seg i studentverv og las tung, russisk litteratur.

Kor var du då du var 20?

Eg var student ved Universitetet i Bergen.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Stilte på lesesalen 07:30 om morgonen for i det heile å få leseplass, var i kandidatstyret til Studentersamfunnet, og var begynt å jobbe litt som timelærar i ungdomskulen ved siden av studiane. Det var Noregs største ungdomskule, Ulriken skole i Bergen.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Ja, vi var veldig opptatt av EU-spørsmålet. Eg arbeida aktivt i Folkebevegelsen mot EEC heilt til folkeavstemminga i 1972.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Vi var veldig inspirert av Ottar Brox, som var lærar på UiB på den tiden. Hans bok Hva skjer i Nord-Norge las «heile Noreg»!

Hugsar du 20-årsdagen din?

Eg har aldri likt mine fødselsdagar, ein haldningsmessig arv etter min far.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Då eg las «Brødrerne Karamazov» på russisk på tre dagar som russisk-student ved UiB. Var skjortevåt av spenning.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Hans Wilhelm Steinfeld i 1980. Private bilete frå då han var 20 i 1971 er ikkje tilgengelege. Alt brann opp i 1990. Foto: NTB arkivfoto Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Ja, etter russisk mellomfag skulle eg studere historie. Og eg enda som Cand.philol med historie hovudfag.

Tok et studium på 5 ½ år der studieramma var 7 ½ år og fekk samla 1,9 til hovudfag. Forskingskompetansen låg på 2,0.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg trodde eg skulle bli lektor i videregåande skule.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

At den unge mannen var ein arrogant besserwisser.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Lytt til eldre og meir innsiktsfulle folk, det gjorde eg etter kvart også fordi eg hadde eldre studiekameratar.  Også i yrkeslivet hadde eg nytte av å lytte og lære av eldre, meir erfarne kollegaer då eg fekk jobb i Dagsrevyen 15. juni 1977.

Der blei eg i 37 ½ år til hausten 2014.  Sidan har eg vært partner i mitt eige kommunikasjonsbyrå, og blir frikar frå midten av april med mitt eiget føretak Steinfelds Magasin.

Les også: Då eg var 20: Knut Nærum skulle bli lærar for å forvalte visdom, inspirere dei unge og gå i kordfløyel