Norges Toppidrettsgymnas får ikkje opne i Bergen
Norges Toppidrettsgymnas får ikkje opne toppidrettsgymnas på Brann Stadion i Bergen. No vil dei anke avgjerda.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Planen til Norges Toppidrettsgymnas er å opne ein ungdomsskuleklasse og ein klasse for vidaregåande elevar i Bergen førstkommande haust.
Søknaden om ungdomsskuleklassen vart godkjend før jul, men dei meiner ein føresetnad for å starte opp, er at dei også får starte ein vidaregåande skole, skriv Bergens Tidende.
I avslaget viser Utdanningsdirektoratet til at det allereie er idrettstilbod på dei vidaregåande skolane Tertnes, Metis, Amalie Skram, Åsane gymnas og Voss gymnas.
– Men Norges Toppidrettsgymnas skal vere eit heilskapleg toppidrettstilbod som ligg på eit anna nivå, seier Øyvind Langørgen i stiftinga Norges Toppidrettsgymnas til BT.
Stiftinga Norges Toppidrettsgymnas har bestemt seg for å klage på avgjerda. Klagen vil bli behandla av Kunnskapsdepartementet.