Bergensar Julie Erichsen (18) har kvalifisert seg til OL, og for første gong på 28 år sender Noreg ei dame til OL i turn.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag kom den endelege stadfestinga: Julie Dicko Erichsen (18) og Sofus Heggemsnes (19) skal til OL i Tokyo til neste år.

Det var Bergens Tidende som først melde dette.

Første kvinne på 28 år

Førre gong ein kvinneleg turnar representerte Noreg var i Barcelona i 1992. Denne gong er det Erichsen som skal representera Noreg, som første kvinne på 28 år.

– Det er eigentleg ganske sjukt. Det var uventa. Det har ikkje sokke inn enno, seier ho til NRK.

Førre veke deltok ho i VM i Tyskland, der ho fekk poengsummane som måtte til for å kvalifisera til OL.

Det er ikkje berre lenge sidan ei kvinne har representert Noreg. Sidan 2000, har me berre hatt med to turnarar i OL. Flemming Solberg i 2000 og Stian Skjerahaug i 2016.

Sofus Heggemsnes (19) og Julie Erichsen (18) har kvalifisert til OL i turn til neste år. Foto: NGTF

Trenar 25 timar i veka

Erichsen konkurrerer i hopp, skranke, bom og frittståande. Skranke er favorittøvinga.

Seks dagar i veka trenar ho, tilrettelagt av toppidrettslinja på Tertnes vidaregåande skule og Olympiatoppen Vest. Klubben ho representerer er Fana IL og Laksevåg TIL.

– Det blir rundt 25 timar trening i veka. Eg startar dagen med trening, så er det skule, og så er det ei ettermiddagsøkt, seier ho til NRK.

Sjå videoen frå VM i Tyskland: