Frida (32) og Marlene (25) er Noregs nyaste humorduo

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er gøy når ting går i dass, i livet generelt. Når ein har planlagt noko og så blir det mislykka. Viss du leiger ein cabriolet og så byrjar det å regne, då byrjar eg å le veldig.

Frida Homlung (32) får ein stadfestande latter frå humormakker Marlene Nøvik Stavrum (25). Dei er aktuelle med humorserien «Dyrevennene» på NRK, som kjem i midten av februar.

I seks korte episodar vert ein kjent med den overtydde dyreaktivisten Katja og den eksponeringshungrige skodespelarspira Marielle. Frå garden dei bur på driv dei ein semisuksessfull Youtube-kanal der dei legg ut semisuksessfulle dyrevernsaksjonar.

Dubbing av dyr

Ideen til serien vart fødd etter at NRK inviterte unge kvinnelege komikarar til å jobba saman. Homlung og Stavrum fann tonen og pitcha fleire idear saman.

– Har du sett slike filmar der det er ekte dyr, så har ein lagt på stemmer? Me byrja å tulle med at me kanskje var to damer som jobba med å lage slike videoar, for dei må jo vera litt rare kanskje, seier Homlung.

Derifrå gjekk ideen vidare i samarbeid med regissørane og enda opp med å handle om dyrevernaktivistar i Youtube-generasjonen.

– Det er ikkje noko intensjon om å parodiere dei og henge dei ut, men det handlar om at karakterane me har berre har misforstått ganske mykje, seier Nøvik Stavrum.

25-åringen skildrar «Dyrevennene» som absurd, rar og litt satire. Ho vågar ikkje å spå ein suksess på linje med Herman Flesvigs «Førstegangstjenesten», men håpar at dyra kan lokka sjåarane inn.

– Episodane handlar om det som skjer i heimen og aksjonar som feilar, mest fordi me misforstår litt korleis ting funkar, forklarar Marlene Nøvik Stavrum (til venstre), her i rolla som Youtubar Marielle, saman med dyrevernarvenninna Katja (Frida Homlung). Foto: Sondre Antonsen/NRK

Papegøye-bitt og Shakespeare-gris

Spesielt éi scene «toppa det dyremessig», ifølgje dei to.

– Me hadde ei scene på soverommet der hadde me ein ponni, to sauar, to kaniner og ein papegøye. Alle var inne samstundes medan me hadde ein dialog, minnast Stavrum.

– Det var på slutten av dagen, så ponnien var veldig sliten, sauane var litt redde og papegøyen sat oppå ei hylle og åt nøtter som dryssa ned på Malene som skulle lata som ho var veldig sur, ler Homlung.

32-åringen opplevde å bli bitt av ein hest på sett. Heller ikkje Stavrum slapp unna, då ho vart biten i auga av ein papegøye. Ho skundar seg å leggje til at «det gjekk bra» og skryt av dei dyktige skodespelardyra.

Særleg ein gris, som skulle spela ei scene frå Romeo og Julie, imponerte Homlung.

Humorduen er allereie i gang med å skriva ein ny sesong og ventar spent på mottakinga frå publikum.

«Morosam til å vere jente»

Stavrum har noko lenger fartstid i humorbransjen enn Homlung og vart denne månaden løna med humorpris for «Årets humorspire», ein fersk pris som for første gong går til ei kvinne.

I forkant av prisutdelinga uttala komikar Randi Liodden at ho følte prisen var kvotert til ho dersom ho fekk pris for «årets morosamaste på nett». Den frykta deler ikkje Stavrum, trass i at ho har høyrt klisjear som ho er «morosam til å vere jente».

25-åringen har rokke å drive med impro og stand up i nokre år og kjente meir på at ho var einaste jenta i flokken då ho var fersk i gamet.

– Ein er jo ofte den einaste jenta i ein line up og då må ein bevise at ein morosam til å vere jente, i tillegg til å bevise at vitsane dine er morosame, seier Stavrum.

Jentene kan kjenna på at det er «a blessing and a curse» at det oftast er fleire hanar i korga. Det kan vere lettare å få oppdrag, men ein får gjerne meir å bevise.

– Eg trur nok eg har blitt kvotert inn ein del gongar ja, seier Stavrum.

– Og det vert ein jo, men sånn tenkjer eg at det må vere litt òg, skyt Homlung inn.

Dei er ikkje i tvil om at det er viktig å få fleire jenter på banen og set pris på at NRK jobbar for meir mangfald.

– Det kan ikkje berre vere gutar som er morosame på tv. Ein skal jo ha humor som mange kan le av og det er jo synd å gå glipp av alle jentene og kva dei eventuelt kan bringa til bordet, avsluttar Homlung.

Foto: Sondre Antonsen/NRK