USA fjernar teikneserieland frå liste over handelspartnarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landbruksdepartementet i USA har fjerna teikneserielandet Wakanda frå ei oversikt over handelspartnarar. Det melder NBC.

Testa nye system med fiktivt land

At Wakanda blir fjerna frå lista over handelspartnarar, skuldast ikkje nokon handelskrig mellom Captain America og Black Panther, ifølgje den amerikanske nyheitskanalen. Det heile skuldast ein test, ifølgje amerikanske styresmakter.

I løpet av dei siste vekene har systema for utanrikshandel blitt testa, og ved ein feil blei ikkje testdata fjerna – og dermed kunne det sjå ut som om det høgteknologiske afrikanske draumelandet eksisterte som handelspartnar for USA.

Det var forskaren Francis Tseng som oppdaga feilen. Han seier til NBC at han ikkje kunne tru det han såg. På lista over handelsvarer frå Wakanda var det ført opp mulesel, muldyr og ei rekke andre landbruksvarer.

PRØV DEG PÅ QUIZEN: Kor mykje kan du om Marvel-heltane?

infinity war, marvel, avengers

Foto: Ant-Man/CC BY-SA 2.0/Flickr