Operasjon martyr Soleimani

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.02.2020 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein martyr er ein som dør for trua si, eller ein som må lide på bakgrunn av at vedkommande er truande. Omgrepet vert nytta i alle religionar og er ofte knytt tett saman med forfølging og undertrykking av religiøse minoritetar.

I mange kristne og jødiske retningar har historiske forteljingar om martyrar høg status. Likevel er det ofte når ein snakkar om islam at omgrepet kjem opp.    

Ein som vert drepen på Guds veg

Sankt Stefanus (5 e.Kr-34 e.Kr) var den første kristne martyren. Foto: Wikimedia Commons

I islam vert ein martyr ofte omtalt som ein shahid, eit «vitne» – som ordet tyder på arabisk.

Ein av Noreg sine fremste ekspertar på islam, Kari Vogt, forklarer i boka si «Husets Folk» at ein gjennom ein shia-muslimsk tradisjon kan forstå dette omgrepet som «ein som vert drepen på Guds veg».

I tillegg vil ein martyr, ifølge hadith-litteraturen, komme direkte til paradis, og at vedkommande vert tilgjeven alle tidlegare synder.

Dette er viktig å ha med seg, særleg nå ein skal sjå på korleis omgrepet har blitt nytta gjennom den islamske historia.  

Martyrane sin fyrste

Den shia-muslimske religionshistoria fortel om Husayn ibn Ali som var barnebarnet til profeten Muhammad. Hussayn vert drepen i slaget ved Karbala i 680, og blir med det omtala som «martyrane sin fyrste». 

Til samanlikning finn ein forteljinga om Stefanus, som vart den første kristne martyren.

Hussayn sitt martyrium er sentral for shia-muslimar, og kvart år vert den markert som sørgjehøgtid, omtala som ashura-dagen.

Afghanske shia-muslimar slår seg sjølv med kjetting og knivblad for å markera Ashura, utanfor Abul Fazel i Kabul, september 2019. Ashura-dagen markerer Husayns død, barnebarnet til profeten Muhammad. Foto: AP Photo/Ebrahim Noroozi

Sendt i minefelt – lovnadar om martyrstatus

Vogt legg til at styresmaktene i Iran har nytta martyrideologien og historia om Husayn som eit politisk verkty.

Under den iranske revolusjonen i 1979 vart samanhengen mellom martyrium og samfunnsengasjement vektlagt.

Når ein lukkast i å få ein samanheng mellom samfunnsengasjement og religion blir det enklare å gje handlingar, som martyrium, ein ekstra heilag dimensjon. Då blir det positivt å ofre sitt eige liv i ein kamp for nasjonen og Gud.

Eit eksempel er dei mange soldatane som vart sende inn i minefelt, med lovnadar om martyrstatus og med eigne «paradisnøkklar» kring halsen under Iran-Irak-krigen.

Februar 1979: Eit bilete av Ayatollah Khomeini, den politiske og åndelige leiaren av den islamske revolusjon, heng frå ein tanks framfor Niavaran-palasset i Teheran. Foto: AP Photo/Aristotle Saris, File

Sosial status som martyr

Historier som dette kan vekkje avsky hjå mange, særleg hjå dei som står på utsida av tradisjonen og konflikten.

Ein må likevel ikkje undervurdere martyrar sin sosiale status og verdi i den shia-muslimske verda. Å ha ein martyr i familien vil, i somme tilfelle, bety ein direkte og konstant sosial mobilitet.

Økonomisk kompensasjon og utdanningsmogelegheiter vert for mange «martyr-familiar» ein realitet. Gravplassar vert gjort om til offentlege parkar der folk kan samlast for å minne dei daude.

Desse parkane blir for mange heilage landemerke, der sosiale aktivitetar, minnesmarkeringar og bøn blir arrangert.

Ayatollah Khomeini, februar 1979. Fleire tusen strøymde til gatene for å få ein glimt av han. Khomeini brukte forteljinga frå Karbala som eit standpunkt mot undertrykking, mot leiaren (shaen) deira. Han refererte mange gonger til Karbala og martyrdøden i sine talar. «[Husayn] lærte oss at dersom ein tyrann regjerer despotisk over muslimane, må vi reise oss opp mot han». Foto: AP Photo/Campion

Mykje kontrovers

Det er heilt legitimt for menneske utanfor denne religiøse tradisjonen å meine at praksisen er kritikkverdig. Ideologisk overtyding har hatt store fatale følgjer.

Det er likevel viktig å hugse på at omgrepet shahid har ein lang tradisjon innanfor islam. Ein bør heller ikkje redusere omgrepet til berre å omhandle terrorhandlingar eller annan religiøst motivert vald.

Det viktig å ha med seg ein ting: Det er på ingen måte sånn at heile den muslimske verda reknar Soleimani som martyr. Det er knytt mykje debatt og kontrovers kring bruken av omgrepet shahid.

For enkelte muslimar er ikkje dette ein status som eit enkeltmenneske kan gje ein annan, men snarare noko som Gud sjølv avgjer.

Pakistanske sjia-muslimar demonstrerte 3. januar 2020, mot luftangrepet frå USA som drap general Qasem Soleimani. (Foto: Ikram Suri/AP Photo)

Martyr betyr ikkje det same for alle

Når me sit her oppe i Noreg og følgjer med på konfliktane i Midtausten kan det vere lett å gløyme at det er ulike måtar å tolke omgrep på. Martyr betyr ikkje det same for alle. Det er først og fremst eit omgrep som har med kultur- og identitetstilhøve å gjere.

Kven som til ei kvar tid nyttar omgrepet martyr, eller andre omgrep for den saks skuld, har eit stort ansvar. Det er først og fremst dei religiøse sjølv som skal definere kva for verdi eit religiøst omgrep eller fenomen har.

Diverre kan den personlege forståinga av eit omgrep bli overskygga av autoritære krefter, som nyttar desse omgrepa til politiske formål.

Det er viktig at menneske med ulike verdsbilete forsøkjer å nyansere sin oppfatning av kvarandre. På den måten blir det enklare å drive ein konstruktiv religionskritikk.

Sana frå Skam synte ei ung, norsk muslimsk jente som freista å balansere kvardagen med religionsutøvinga si. Foto: NRK

Sana frå Skam synte ei ung, norsk muslimsk jente som freista å balansere kvardagen med religionsutøvinga si. Foto: NRK